Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Kom tett på nasjonalromantikken og sjå når frukttrea i Hardanger blomstrar i perioden mai – juni. Tidspunktet for blomstringa varierer frå år til år – avhengig av temperatur og vêr om våren. Blomstringa som strekk seg over om lag fire veker, startar med morell- og plommeblomstring. Deretter kjem eple- og pæretrea i blomst.
Eit godt tips er å reisa rundt i bil og leggja inn stopp undervegs for å nyta den slåande utsikta. Heile Hardanger er på sitt beste under blomstringa, men tre område er spesielt flotte:
Fruktbygda Ulvik
Langs Nasjonal Turistveg Hardanger: Rv 13, nord for Odda og sør for Hardangerbrua. På denne strekninga køyrer du innover den spektakulære Sørfjorden med sine fleire hundre tusen frukttre.
Langs Nasjonal Turistveg Hardanger: Fv 550 mellom Utne og Jondal. På denne strekninga kjem ein verkeleg tett på bløminga, med tre som nesten stikk ut i vegen.
På seinsommaren og hausten kan ein kjøpa frukt frå gardsmatbutikkane eller direkte frå dei mange fruktgardane i regionen. Det er ei oppleving i seg sjølv å køyra rundt langs Nasjonal Turistveg Hardanger, kjøpa seg nyplukka frukt og nyta den vakre naturen.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram