Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Bandet som "aldri går av scenen i tørr smoking" byr på ein kveld det svingar av - i Øystese
Bli med på ein kjekk kveld med skiprepping, gliding av ski og sliping av stålkanter. Det blir og eit foredrag om korleis ein kan ferdast trygt i vinterfjellet. Dette blir ein sosial og lærerik kveld for alle som er glad i ski og fjell – kanskje møter du nye turvenner? Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen til ein hyggjeleg aften med skiglede, prat og gode tips!
Velkommen til standupshow på Sentralbadet litteraturhus!
Haustferien i Eidfjord og på Hardangervidda byr på storslått natur og fargerike landskap. Her kan du nyte flotte fotturar før vinteren kjem med snø og skispor.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Hausten i Eidfjord og på Hardangervidda er ei vakker tid. Dette er i grunn den finaste tida for fotturar på Hardangervidda, som viser seg fram i sine finaste fargar, før snøen kjem og skisesongen startar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den aktive og turglade.
Oppdag sjarmen til Eidfjord på ein regnværsdag mens du utforskar ei rekkje innandørs attraksjonar, nyter lokale delikatesser på koselege kafear, eller fordjuper deg i den rike kulturarven til Eidfjord