Kvinnherad - eit Noreg i miniatyr. Her får du store kontrastar i landskap og unike kulturopplevingar!
Med båtrute mellom Bergen og Rosendal, er eit besøk til Kvinnherad ein fin måte å oppleva reisa frå hav til fjord - med flotte kontrastar i landskapet, majestetiske fjell og unike kulturelle opplevingar, har Kvinnherad noko av det flottaste Hardanger-regionen har å by på.
Med båtrute mellom Bergen og Rosendal, er eit besøk til Kvinnherad ein fin måte å oppleva reisa frå hav til fjord. Det opne og dramatiske kystlandskapet vil innover fjorden erstattast med høgreiste fjell. Rosendalsalpane skil seg ut som dei mest spektakulære toppane. Bondhusvatnet og Bondhusbrea er også av det spektakulære slaget, og det er flotte turstiar både her og ei rekke andre plassar i kommunen. Dersom du viar turen til Kvinnherad, kan ein ikkje unngå å vitja Baroniet Rosendal. Slottet frå 1665 er kjent for sin vakre landskapspark og rike kulturprogram. Og når ein fyrst er inne på historiske bygg, er Halsnøy Kloster frå 1100-talet vanskeleg å koma utanom. Med flotte kontrastar i landskapet, majestetiske fjell, historiske slott og kloster, har Kvinnherad noko av det flottaste Hardanger-regionen har å by på.
Bli med på ein kjekk kveld med skiprepping, gliding av ski og sliping av stålkanter. Det blir og eit foredrag om korleis ein kan ferdast trygt i vinterfjellet. Dette blir ein sosial og lærerik kveld for alle som er glad i ski og fjell – kanskje møter du nye turvenner? Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen til ein hyggjeleg aften med skiglede, prat og gode tips!
Fredag 13. november inviterer vi til ein kveld fylt med spektakulær natur, store eventyr og inspirerande historier når vi viser EOFT 2026 på Folgefonnsenteret. Det blir moglegheit til å kjøpa seg noko godt å eta og drikka under arrangementet. ?️ Pris: 130 kr ? Berre 48 plassar – sikre deg billett! Velkommen til over to timar med eventyr på storskjerm!
Velkomen til juleutstilling på Galleri G Guddal!
Sumarens dels døsige og behagelege tilhøve er no erstatta med ei tid der vi i større grad må tenka oss om, både når det gjeld turplanlegging og gjennomføring. Men trass i at hausten er lunefull og gir enorm variasjon i vêret, så er det moglegvis den tida som det er finast å gå på fottur i.
Vakre Rosendal er vel verdt eit besøk!
Er du på jakt etter ein relativt enkel tur i vakkert og lettgått fjellandskap, der du kan setje deg innomhus om været skulle slå ser vrangt, ja, då er dagsturhytta «Fagnabu» ved Nautavatnet ein sikker vinnar.
Plan A vart til plan B og plan B vart etter kvart til plan Y. Sånn er det å vere på tur med små born. Ofte er det fint å la vegen verte til medan vi går.
Turen til Malmangernuter er ei vandring i nasjonalromantikkens rike.
Malmangernuten, Melderskin, Bondhusvatnet og Ulvanosa. Kvinnheradsfjella er noko for seg sjølv. Her i kommunen finn du nemleg fleire av dei mest populære og spektakulære fotturane i heile landet.
Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.
Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.