Øydvin Gardsturisme Hytter

Hyttene Sjohageløo og Bortom byr inn på lokal og rustikk overnatting ved Osafjorden. Kjenn på roen og kom tilbake til naturen i desse koslege hyttene.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Tripadvisor

Om

Garden Øydvin ligg omlag 4 km frå Ulvik sentrum, i retning Osa. På garden vert det dyrka frukt og grønt, i tillegg til driv med kviger og sauer. 

Eigarane er både to opptekne av å føra kultur og tradisjonar vidare til komande generasjonar, gjennom formidling på ulike måtar. Ein av desse måtane er via opphald i tradisjonsrike hytter og feriehus. 



To hytter er ledige for utleige: Sjohageløo og Bortom.



Sjohageløo: Feriehuset ligg ved Osafjorden, omlag 4 km frå sentrum av Ulvik. Hytta har 3 soverom med to senger i kvart rom, bad med dusj/wc, vaskemaskin og turketrommel. Stove med eigen spisekrok og kjøkkenavdeling med elektrisk komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin.I gangen er det ein fryseboks der de kan frysa ned fiskefangsten, og ved naustet nedanfor hytta ligg ein 14 fots båt med 15 HK påhengsmotor.



Bortom: Gamal tømra stove på andre sida av Osafjorden med enkel standard. Hytta har eit rom og høver seg for to personar. Det er ikkje inlagt vatn og staum, men ved omn, gasskomfyr og gassdreve kjøleskap. Toalett ligg i bygget ved sidan av. Båt med påhengsmotor fylgjer med i leiga. Glimrande stad for den eller dei som vil bort fra kvardagens kav og mas.

Camping og hytte

Kart