Hjadlane galleri

Hjadlane Galleri er eit lokalt kunstgalleri som ligg inst i Osafjorden. Her finn du lokalkunstnar Lars Polden sine fortryllande og fantastiske verk, basert på både lokalnatur og lyrikk. Utstillinga er ope året rundt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Velkomen til Lars G Polden atelier og galleri.



Du finn oss i Hjadlane galleri i Osa. Ta turen inn i det ukjende, inn til fjordbotnen, inn til

kunsten og ein annleis måte å sjå verda på.

Sist sommar endra eg måten eg presenterer arbeida mine på. Eg har valt å arbeida i galleriet

og såleis ta besøkande med inn i den skapande prosessen, frå ide til ferdig bilete presentert på

veggen.

Denne måten å arbeida på har gitt meirsmak. Eg opplever at eg kjem i ein mykje tettare dialog

med dei besøkande. Det at verktøy og uferdig arbeid ligg framme, gjer at dei besøkande spør

mykje meir både om teknikkar og om innhald. Tilbakemeldingane er gode. Dei besøkande let

vel, og eg får inspirasjon og pågangsmot til å halda fram, sjølv om både helse og økonomi

tilseier at eg burde gje meg.


Ta sjansen på opplevinga.
Eg skal gjera alt eg kan for at me skal lykkast i dette møte mellom bileta, deg og meg.
Då bileta mine er på veg frå atelier i 3. etasjen, via galleriet for fotografering, og til eit permanent
lager i «heimehuset», er plassen i galleriet avgrensa. Me tek inn maks 8-10 gjester samstundes.
Det kan verta ventetid.

Eg vil på førehand beklaga att eg ikkje alltid kan vera til stades sjølv, men med hjelp av
familiemedlem, kan me ta i mot gjester morgon, middag og kveld. Det er fint med avtale på
førehand.
Mobil til Torunn: 996 42 329. Lars: 481 29 669, eller send ein e-post: hjadlane.galleri@osa.no.
Vel møtt.

Kart