Startpunkt
Hardanger Gjestehus i Ulvik eller halvvegs opp til innsjøen ved skogsvegen (sjå kart).
Om løypa
Grusveg opp til Fryste (begrensa parkeringskapasitet ved enden av vegen), godt merka fotsti. Rundtur anbefales for å sjå eit annleis landskap på tilbakevegen, med ei flott utsikt over Ulvik sentrum. Hugs å alltid forlate portane akkurat som du fann dei - lukka eller opne. Dette er ein fin tur gjennom skogen, og på slutten av løypa kan du sette deg ned og nyte den stille innsjøen. Ta med ein termos med kaffi og litt frukt, så kan du oppleve gleda ved denne rolege skogplassen.
Parkering: Ved startpunkta
Parkeringsavgift: Ingen
Lengde: 5 km (frå skogsbilvegen), 13 km (frå Ulvik).
Total stigning: 230 meter (frå skogsbilveien), 500 meter (frå Ulvik).
Total gangtid: 2 timar (frå skogsbilveien), 5 timar (frå Ulvik sentrum).
Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - september