Fotturar i Ulvik

Mellom bakkar og fjell utmed havet, finn du mange flotte og godt markerte turstiar rundt om i Ulvik. Opplev Ulvik frå dei beste utsiktspunkta Hardanger har å by på; anten det er lavtliggjande sentrumsnære spaserturar eller meir intense toppturar med forførande utsyn over fjell og fjord.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Ulvik tilbyr fleire gode, merka stiar i området; anten du vil ha svimlande toppturar eller ynskjer ein roleg spasertur i flotte omgjevnadar. Mellom svulmande epletre, glitrande fjordar og stupbratte fjell, finn du garantert ein tur som passar deg. 13 av stiane er markerte med skilt, som indikerer grad av vanskelegheit og kva veg ein skal fylgje. Nokre populære alternativ er: 

 

- Kvasshovden Opp. 0-1030 m.o.h. med start ved Ulvik Fjord Hotell. Nokre stykke er bratte og krevjande, men utsikten frå fjelltoppen er vel verdt strevet.
- Osa-Osasete. Markert sti frå Osa sentrum med middels vanskelegheitsgrad som tek ca 3-4 timar tur-retur. Turen går opp langs Norddalen til eit flott, urørt stølsområde med ei spektakulær utsikt over Osafjorden. 
- Den Gamle Postvegen mellom Granvin og Ulvik. Turen tek rundt 3 timar ein veg langs ein fjellveg mellom dei to bygdene. Turen har middels vansklegheitsgrad, og byr på flotte utsiktspunkt og opplevingar både undervegs og ved nedstiging til dei enkelte bygdene. Start i anten Granvin eller Ulvik.

Kart og informasjon er tilgjengelege på Ulvik Turistkontor. Kom innom, så hjelper vi med å finne ein tur best tilpassa ditt nivå og interessepunkt.

 

Kart