Opplev Hardangerfjorden på sitt beste - på fjorden frå kajakksetet! Angr tilbyr guida turar på kajakk i Ulvik- og Hardangerfjorden, samt grunnkurs i havkajakk og kajakkutleige.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Lyst å oppleve Hardangerfjorden med kajakk?

Ulvik og Hardangerfjorden har mkje å by på mellom fjell og fjord. Me i ANGR tilbyr forskjellige opplevingar for deg som ynskjer å oppleve den flotte naturen Vestlandet har å by på.

 

Grunnkurs havkajakk

Grunnkurs i havkajakk gjer ei innføring i padling og tryggleik knytta til havkajakk. Me går gjennom utstyr, teknikk og redning. I tillegg går me gjennom fleire andre nyttige ting som er greit å kunne noko om når ein skal på padletur, som til dømes allemannsretten.

På kurset blir det litt teori, men me skal vere mykje i kajakken og me skal ha det kjekt!

 

Dagstur Havkajakk

Kvar torsdag frå veke 25 – 31 (24. juni til 5. august).

På dagstur i kajakk med Angr vil du oppleva fjorden frå eit fantastisk perspektiv. Undervegs vil de kunne nyta utsikta frå kajakken medan vi glir lydlaust fram på fjorden. Me starter dagen på Brakanes hotell der me finn fram utstyr og går gjennom planen for dagen.

 

Utleige av kajakk

I høgsesongen kan ein leige kajakker og anna utstyr frå ANGR etter avtale. Utleige gjeld for ein heil dag så du kan nyte Hardangerfjorden med ein god lunsj på eit koselig knøs langs fjorden.

Kart