Skeie mylna Trude Haug

Ulvik har ei lang og rik kulturhistorie. Innerst i «Perla» ligg ei rekke spanande og fascinerande spor av tida som var, med godt bevarte kulturminne i eit samfunn i stadig utvikling.

rose

I 1891 vart Granvin og Eidfjord skilde ut som eigne kommunar. Fire år seinare vart eit mindre område overført frå Eidfjord, og grensene har vore uendra etter det. Ulvik er ein av tre kommunar som bruker ordet herad, også dei to andre ligg i Hardanger.

Ulvik kyrkje Arturas Gailius
rose

Ulvik kyrkje

Kross-kyrkja i Ulvik sentrum vart innvigd i 1859 og har fleire verk frå 1600-talet utstilt. Kyrkja var ein av dei få plassane som stod urørte då bygda vart bomba av tyskarane under krigen, og har bevart fleire kulturminne frå dei tidlegare kyrkjene i bygda. Mellom anna kan ein finne eit av landets (sannsynlegvis) eldste antemensale frå 1250 og ei altertavle frå 1630. Interiøret er utført i rosemåling av den lokale kunstnaren Lars Osa på 1920-talet. Den gamle klokka som ringde under krigen er òg ein del av utstillinga. For meir informasjon, kontakt Ulvik Soknelag på www.kirken.no/ulvik

rose

Mylna

Ved streinbrua som går over elva Tysso ligg Skeie-mylna; ei historisk mølle og ei av dei få resterande av sitt slag i Vestland. Mylna vart sett opp på 1600-talet og malte korn via vasskraft frå Tysso. I seinare tid har Mylna vorte fullrestaurert og opna for publikum. Det er høve for å sjå turbinane i kjellaren som driv kverna, og å få med seg heile prosessen frå korn til mjøl. For meir informasjon og vising, kontakt Mylnefolket på Skeie-mylna | Facebook

Bunadsdama
rose

Mindelheimsverdet og Brurebunaden

På 1800-talet vart eit sverd funne i ei bergsprekke på Lekve av ein ung Ulviking. Dette er eitt av dei ni sverda av sitt slag i heile Nord-Europa og stammar mest sannynleg frå bronsealderen. Originalsverdet er på Bergen Museum, men ein kopi vart laga av arkeolog Ørjan Engedal og heng til utstilling i Handelslaget i Ulvik. I butikken finn ein òg Brurebunaden – eit fellesprosjekt i regi av Ulvik Konelag med oppstart i 1934. Bunaden består av 9 delar og har vore ein del av opp mot to hundre bryllaup i bygda. Utstillinga består av brurekruna i forgylt sylv, brurebomba (ein rosemalt treboks), stakk, sneatrøye, kaps med svartsaum på kragen, forkle, bringesylv, sylvbelte, sprotabelte, handaplagg og bringklut. Kom innom Handelslaget for meir informasjon (Handelslaget | Facebook)

rose

Tunheim

På Tunheim har det vorte oppdaga spor frå jarnalderen med ei rekke gravhaugar som er beskytta under Kulturminnelova. Det er òg funne kullgroper, som vart nytta til produksjon av trekol.

rose

Kraftanlegget i Osa

Allereie i 1917 starta Osa Fossekompani A/S med kraftutbygging i Osa. Planane var store; ein skulle ikkje berre bygge ut vasskrafta, men ei heil industribygd med 5000 innbyggjarar. Det vart bygd ut tunnelar i fjellsidene for føring av vasskraft, men arbeidet stogga i 1926 som fylgje av manglande midlar. Under 2. verdskrig, starta tyskarane opp igjen arbeidet, men heller ikkje dei fullførte bygginga av vasskraftverket.

Under: Administrasjonsbygga til Osa Fossekompani AS

Osa Fossekompani Hardanger og Voss museum
Sjå alle

Fleire reisetips