Tips til familieferien i Hardanger

Mikkel mikkeline tog
DSC00626

Ta med barna og legg norgesferien til Hardanger! Her i regionen finn du ei rekke spanande og barnevennlige opplevingar som passar for heile familien.

rose

Skal du på norgesferie med barn? Den kontrastfylte naturen på Vestlandet og i Hardanger gjev gode rammer for ein kjekk og minnerik tur for absolutt alle. Her finn du et stort utval av morosame og begeistrande opplevingar – alt frå badeland og familieparkar til interaktive utstillingar og gardsbesøk.

Hels på Mikkel, Mikkeline og venene deira i Mikkelparken! Familieparken i Kinsarvik er perfekt for born mellom 1-10 år.

rose

Kom tett på og lær meir om den unike naturen vår på Norsk Natursenter - Hardanger og Folgefonnsenteret. Eller kanskje du vil vera med å mata fiskane på Hardanger Akvasenter eller i Gullfiskvatnet?

Det å kjenna vinden blåsa i håret på ein fartsfylt RIB-safari slår også sjeldan feil blant barna. Er de ekstra heldige, kan de sjå dyr som ørn, niser og spekkhoggarar! Eller kanskje du vil utforska fjorden i roligare omgjevnader? Leig dykk ein kajakk og gli stille forbi den eine fjordperla etter den andre.

Apropos vind i håret. På isbreen Folgefonna kan ein stå på sommarski, og løypene passar for personar i alle aldrar. Du kan også utforska fleire tusen år gammal is på tur med Folgefonni Breførarlag. Utsikta frå restauranten i det splitter nye velkomstsenteret Fonna1199 er perfekt når du vil ha ein velfortent pause.

Kva med å kombinera aktivitet og læring? På Olav H. Haugesenteret, Kraftmuseet og Hardanger Fartøyvernsenter kan barna ta del i fleire spanande og lærerike aktivitetar. Alt frå å laga sin eigen straum til å byggja eigne trebåtar.

Web Poesiverkstaden Ingvil Skeie Ljones 1
rose

Er barna glad i å bada? Då vil me anbefala å sjekka ut dei mange flotte strendene i regionen. Er vêret dårleg, er det nye Hardangerbadet perfekt for både barn og foreldre. Det ligg også vegg-i-vegg med det nye Hardangerfjord Hotel i Øystese.

rose

Dette er berre nokre tips til ein familieferie i Hardanger. Sjå gjerne lista under for andre spanande tilbod.

Kjekke opplevingar for heile familien