7 Kultur- og matopplevingar i Ulvik

Siderplanke Syse gard

Opplev tradisjonar og fantastisk matkultur du seint vil gløyma.

rose

Saman med fruktproduksjon er husdyrhald, særleg sau, den viktigaste driftsgreina i landbruket. Mattradisjonene heng naturleg saman med landbruksproduksjonen, og smaksopplevingane får ein ekstra dimensjon i det unike fjordlandskapet. Her er nokre av våre beste tips for å oppleve det beste Ulvik har å by på av kultur og matopplevingar.

rose

1) Frukt- og siderruta

I Ulvik finn du Norge si einaste frukt- og siderrute. Ruta går langs Apalvegen og du kan besøke gardene Hardanger saft- og siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt og Cideri underveis. De tre gardene gjev eit mangfald av opplevingar, og legg alle vekt på eit unikt besøk. Gardene produserer frukt og sider basert på lange tradisjoner, lokale råvarer og moderne teknikkar. Alle gardene har utsal og deilige smaksprøvar. Omvisning etter avtale.

rose

2) Kádn & Alde

Langs frukt- og siderruta finn du det lokale bakeriet Kádn & Alde. Her baker dei nydelege hjemmelaga brød og boller med ingrediensane økologisk mel, tid og omsorg. Bakeriet bygger på reine, naturlege råvarer og er opptatt av ekte handverk. Stopp innom bakeriet på frukt- og siderruta og kos deg med godt brød.

rose

3) Syse gard

Syse Gard er eit av 13 économusée i Norge. Et économusée er levande handverksbedrifter og opplevingssentre. Dei viser fram handverket sitt og lar deg ta del i opplevinga. På Syse Gard får du møte handverk i sitt naturlege miljø, med foredling av frukt og lam basert på gamle tradisjonar. Syse Gard tilbyr ekte matopplevingar med den unike smaken av Hardanger. I gårdsutsalet kan du kjøpe med deg den gode smaken heim.

rose

4) Poesi i verdsklasse på Olav H Haugesenteret

Olav H. Hauge er forfatteren som har skrive både det folkekjære diktet «Det er den draumen», og eit av de største litterære dagbokverka i Europa. Poesien hans er omsett til 25 språk, og mange store artistar har tonesett dikta hans. Ved Haugesenteret kan du oppleve både dikt og sanger i ulike formar på tvers av språkgrenser. På senteret får du og oppleve dikt og forteljingar frå andre store poetar, i tillegg til Olav H Hauge. Utstillingen passer bra for både store og små.

rose

5) Syse Glas

Syse glas er ein spennande butikk i sentrum av Ulvik. Hos Syse Glas finn du både fargerike og glade glas med enkle formar, og Hardangerglas med gravering inspirert av lokale mønstre. Alt i butikken er blåst og gravert av Silje Syse. Ta med ein vakker og unik suvenir heim.

rose

6) Lokalt handverk i Handelslaget

Ta en tur på Handelslaget og nyt lokalprodusert handverk. Her finn du lokalprodusert handverk både frå Ulvik og frå nabobygdene. Her kan du finne skattar som glas, keramikk, heimelaga syltetøy, garn og mykje, mykje meir. Vel verdt turen.

rose

7. Kulturhistoriske vandringar med guide

Ulvik har mykje spennande kulturhistorie. Frå bronsesverdet frå Hallstatt, utviklinga i landbruket, til moderne industrihistorie i Osa. Med lokal guide frå Angr får ein fotturar i det kulturhistoriske landskapet og historieforteljinga undervegs.