5 tips til aktiv ferie i Ulvik

Padling fjorden sommar 2020
Siderplanke Syse gard

Med sine høge fjell, langstrakte fjord og idylliske fruktgarder, er Ulvik den perfekte staden for ein aktiv ferie. Både for deg som vil gå ein roleg søndagstur i bygda, og for deg som vil bestige ein spektakulær fjelltopp. Her er våre beste tips til ein aktiv ferie, både på land og i vatnet.

rose

Kajakkpadling på fjorden

Bølgeskvulp, majestetiske fjell og utsikt over frukthagane, blir det betre enn det? Ein kajakktur på fjorden i Ulvik vil du seint gløyme. Om du ikkje har så mykje erfaring, anbefalar vi å ta med ein lokal guide. Då får du ei trygg oppleving, i tillegg til ein som kan den lokale historien. Har du erfaring frå før kan du leige deg ein kajakk og ta ein tur aleine. B-Active i Ulvik har utleie og du kan ha kajakken i 1 time, 2 timer, en halv dag eller en hel dag. ANGR har utleige av havkajakk, og korte og lengre turar med lokale guidar.

rose

Sykkeltur i magisk landskap

Ein av dei flottaste måtane å oppleve Ulvik sin spektakulære natur på, er frå sykkelsetet. Ulvik har mange fine bygdevegar som passar for hele familien, eller du kan prøve deg på skogsvegane hvis du trives best i terreng. Syklar kan leigast hos B-Active. Når du leiger sykkel får du med det du treng av sikkerheitsutstyr. Spør og om eit kart med anbefalte sykkelturar i regionen. Sykkelutleige er for alle aldre, men ein bør kunne sykle.

rose

Fjell- og tunelltur

Utflukt med guide i høgfjellet gjennom Austdalen i Osa. Dette er ein spektakulær oppleving med fantastisk utsikt og brusande fosser på vegen. På dagar med fint ver får du også utsikt til den store isbreen Hardangerjøkulen. Undervegs vil guiden fortelje den fascinerande historien om Osa. På veg ned igjen frå fjellet får du oppleve den nydelege fossen Røykjafossen. Etter dette er det vidare til den historiske, 100 år gamle kaféen for å spise pannekaker til lunsj. Så går turen vidare til tunnelvandring i det som ein gong skulle bli eit stort vannkraftanlegg i industribyen Osa. Her får du historien om planane om å gjere Osa til ein by for 6000 menneske.

Les meir her om fjell- og tunneltur

rose

Vannski på Ulvikfjorden

Ulvik vass-skiklubb har lang erfaring med vannski både for dei som vil prøve for første gong, og for dei med meir erfaring. Vass-skiklubben held til i Holmen, ved fotballbanen og badestranda. Her kan du både kjøre vannski og leige bananbåt. Vannskikøyringa er kvar onsdag, laurdag og søndag, og passar for både store og små. Du blir teke med ut på ei fartsfylt oppleving på Ulvikfjorden. Ved sida av vass-skiklubben er idrettsanlegget, med grasbane, løpebane, sandvolleyballbane og badeplass med stupetårn. Perfekt stad for ein aktiv og morsom dag.

rose

Turar i bygd og fjell

Ulvikbygda er omkransa av høge fjell som strekker seg mot Hallingskeid og Finse i nordaust, og Hardangervidda i søraust. Det er mange fine turer i området, av varierande vanskegrad. I Ulvik finn du fjellturar for alle, både store og små.

Liavegen
Liavegen frå Ulvik sentrum er ein rundtur som passar for dei fleste. Turen er på 7,5 kilometer, med ca. 350 høydemeter og tar omlag 3 timer. Det er fantastisk utsikt mot bygda og fjella i vest, heile veien. Når du kjem på toppen har du panoramautsikt over fjorden.

Åsen rundt
Ein rundtur på ca. 2 timer på grusvei og sti. Denne turen passer for alle, og hvis du berre går på grusvegen kan du ha med barnevogn. Ruta har lite stigning, men byr likevel på fine utsiktspunkt over Osafjorden og Ulvik. Start ved idrettsanlegget i Holmen og følg skilta.

Midtfjell
Ein krevjande dagstur med mykje stigning. På toppen får du ein heilt unik utsikt frå 1255 moh utover det meste av Hardangerfjorden og fjella rundt. Hvis det er bra ver kan du sjå både Hardangerjøkulen og Folgefonna. Du bør ikkje gå denne turen utan godt utstyr og nok mat. Turen er ikkje merka og det er eit føremon å ha med lokal guide. Kontakt – ANGR

Kvasshovden
Ein raud tursti av den meir krevjande sorten. Turen tar deg frå Ulvik sentrum opp til toppen på 1030 høgdemeter. Turen tar om lag 3 timar opp og 2 timar ned. Når du kjem til toppen har du panoramautsikt over hele bygda.

Ossete
Ein del av Hallingskeidvegen og ei av Riksantikvaren sine historiske vandreruter. Turen tar omlag 2 timer opp, og har mykje stigning opp til stølen på om lag 550 moh. På turen får du oppleve eit mektig kulturlandskap. Stien går langs elva Norddøla og det er nydeleg fjordutsikt nesten heile vegen. Stien går vidare frå Ossete til Hallingskjeid og er en merka T-sti.

Opplevingar i Ulvik

B-Active
Aktiviteter

B-Active

B-Active senteret ligg sentralt i Ulvik og tilbyr alt ein treng for ein fartsfylt, kjekk og aktiv ferie i Ulvik. Mellom anna kan du bli med på guida turar, diverse kurs innan villmarksliv som til dømes kunsten å lage eld, og utforsking av dei gamle tunellane i Osa. Senteret har òg utleige av syklar, kajakkar og båtar.

Fotturar i Ulvik
Aktiviteter

Fotturar i Ulvik

Mellom bakkar og fjell utmed havet, finn du mange flotte og godt markerte turstiar rundt om i Ulvik. Opplev Ulvik frå dei beste utsiktspunkta Hardanger har å by på; anten det er lavtliggjande sentrumsnære spaserturar eller meir intense toppturar med forførande utsyn over fjell og fjord.

Kvasshovden
Aktiviteter

Kvasshovden

Sjå Ulvik frå 1065 meter over havet! Ein krevjande tur med ei fantastisk utsikt frå fjelltoppen. Opplev den norske naturen frå si flottaste side på veg opp Kvasshovden.

Osa/Ossete - stølstur
Aktiviteter

Osa/Ossete - stølstur

Flott 4-6 timars fottur til ein støl i Osafjella. Finn vegen opp bratte, men utrulege Norddalen langs ville Røykjafossen før vegen går vidare mot stølsområdet på toppen. Turen har ei fantastisk utsikt over Osafjorden blant idyllisk, urørt norsk natur.

Ulvik Turlag
Aktiviteter

Ulvik Turlag

Det lokale turlaget har lenge invitert til turglede og tilbyr guida fjellturar i område rundt om i Ulvik. Dei erfarne guidane er lommekjende for å forsikre at gruppa får ein trygg, minnerik og kjekk tur. Vert kjend med bygda "no og då" medan guidane fortel om lokalhistorie og kultur i den flotte, urørte naturen.

Ulvik vass-skiklubb
Aktiviteter

Ulvik vass-skiklubb

Ta fjorden i fart og hiv deg på vasskia! Ulvik Vasski-klubb køyrer vasski, tube og bananbåt heile sommarsesongen for ei kjekk og fartsfyllt oppleving på fjorden.

Sjå alle

Fleire reisetips