Familietid i Holmen Brakanes hotel by Fjordtind

Ulvik er ein leikeplass for både små og store! Legg Noregsferien til bygda for ein fartsfylt og minnerik ferie i idylliske Hardanger. Klikk her for våre beste tips for familieferien i Hardanger.

rose

Det manglar ikkje på plass å boltre seg på i Ulvik. Få eit avbrekk frå A4-normalen med dei søte små og få eit rikt sansepåfyll sponsa av fjord og fjell. Anten de er ute etter ein roleg spasertur i fjellet eller actionfylte eventyr på land og strand, finn du det her i Ulvik.

Bokstavjakt for born 2021
rose

Lyriske eventyr på Haugesenteret

Dyrk fantasien og skaparemna til borna gjennom poesi og lyrikk. Haugesenteret høver seg godt for kreativt påfyll for både store og små. Utstillinga er fargesprakande og interaktiv med moglegheiter for å utfalde seg blant lyrikk, poesi og diktarhistoria til riksdiktaren Olav H. Hauge. Aktivitetstilbod som Poesiverkstaden og Kattejakta stimulerer sansar og kreativitet for dei minste. Hald augo oppe for lokale arrangement for born og familiar i regi av senteret! For meir informasjon, sjå https://www.haugesenteret.no/

rose

Bølgesus med Ulvik vasski-klubb

Knus bølgene på vasski eller tube i Holmen! I sommarsesongen køyrer Ulvik vasskiklubb vasski og tube blant bølgeskvulp og vindsus frå klubbhuset i Holmen. Kjenn adrenalinet bruse og få eit friskt møte med fjorden – kjekt for både mor, far, søster og bror! For oppdatert informasjon angåande kjøyretider, sjå https://www.facebook.com/groups/UlvikVassSki/

Vasski og leik brakanes by fjordtind
rose

Badehygge i Holmen

For eit litt rolegare møte med fjorden, kan familien leggje turen til Holmen. Området har strandlinje, båtbrygge og flytebrygge for viltre krabatar å bryne seg på. Om det freistar meir å halde seg på land, kan familien ta ein runde med volleyball på sandbanen eller ein kjapp fotballkamp på grasbanen. For dei som ynskjer det, kan ein òg springe seg god og varm på løpebanen før ein forfriskande dypp i fjorden.

rose

Padletur på fjorden

Om de ynskjer å kome tett på fjorden men med kleda på, høver ein kajakktur seg godt for dei fleste. B-Active har kajakkar som høver seg godt for nybegynnarar. Sig ut på fjorden frå hotellet og padle over til Holmen og ta badinga der. Eller kanskje det freistar meir å ta lunsjen på den vesle øya Snauholmen? Fjorden er roleg og kun fantasien set grenser for kor de kan leggje turen for eit hyggjeleg møte med fjorden. For meir informasjon, sjå https://www.bactivecenter.com/no

rose

Ut på tur, aldri sur

Med høge fjell og djupe dalar er Ulvik eit mekka for turgåarar. Fleire av løypene høver seg godt for små føter og byr på rike sanseopplevingar i naturen. Høyr sauane breke på beita, kjenn lukta av epleblomane og opplev den rike fargepaletten i vestnorsk naturlandskap saman. For dei aller minste med vogn, anbefalar vi turstien langs Tysso, Åsen rundt og Solsævatnet. Ellers høver turen mot Liavegen og Jobykse seg godt for små. Kanskje de til og med møter på kyr på vegen tilbake til Tunheim? For meir informasjon, sjå https://www.hardangerfjord.com/ulvik/opplevelser/fotturar-i-ulvik-970633

Øvst i Nordalen foto M Hellesnes