Ulvik utover Foto Visit Hardangerfjord

Bugnande fruktgardar, skyhøge fjell og glitrande fjordar byr på utsikt i verdsklasse. Les meir her for å få med deg dei flottaste utsiktspunkta i Ulvik.

rose

Det er ingen tvil om at Ulvik byr på noko av det flottaste vestnorsk natur har å by på. Dei høge, snødekte fjella og kongeblå, djupe fjordane er som skapte for Instagram – kom og tryll deg vekk blant Ulvik sine flottaste utsikter! Her er fem fantastiske utsiktspunkt for ein tur du seint vil gløyme.

rose

Frå Jobykset:

Kunne du tenkt deg ei fantastisk flott utsikt mot osafjorden? Ei naturoppleving med panoramautsikt ut mot høge majestetiske fjell med den glitrande Osafjorden under. Då er turen til Jobykset absolutt å anbefale. Midt i Frukt- og siderruta, tar ein til venstre opp grusvegen med skilting mot Jonstøl og Liavegen/Jobykset. Perfekt å ha med seg hengekøya, her finn du roen! God Tur


rose

Frå Rossvoll

Frå Tunet til Olav H. Hauge får du utsikta du tidligare berre har sett på bilete. Denne utsikta har inspirert ei rekkje av dikta hans – og det er enkelt å forstå kvifor. Utsikta frå Rossvoll byr på den typisk vestnorske idyllen, med snødekte fjell som sklir ut i fjorden. Det er òg mogleg å bestille omvising i diktarheimen om du vil kome endå tettare på Hauge.

rose

Frå Vambheim og Frystetjørn

Om du ynskjer å trylle deg vekk litt i skogen, men fortsatt vil ha ei fin utsikt over bukta i Ulvik, kan vegen mellom Vambheim og Frystetjørn anbefalast på det sterkaste. Den asfalterte vegen svinger opp mot venstre frå riksveg 572 mot Ulvik sentrum – før brua ved Hardanger Gjestehus. Vegen er asfaltert eit godt stykke opp før den går over til grusveg, og høver seg like godt til fots som til bil.

rose

Frå frukt- og siderruta

Utsikta frå Apalvegen langs frukt- og sidergardane er utsøkt. Her får du med deg ei flott utsikt ut mot bygda blant dei svulmande epletrea. Ikkje berre det – her kjem du òg tettare på bukta i Ulvik med utsikt rett mot Snauholmen – den vesle øya heilt i kroken av Ulvikfjorden. Om du ynskjer å få med deg meir fjordutsikt, kan du følgje turstien Liavegen/Jobykset for ein panoramautsikt over Osafjorden.

rose

Frå stølsområdet Ossete

Om du tek turen inn til Osa, opp Norddalen og inn til stølsområdet Ossete, får du kome tett på urørt vestnorsk natur. Nyt den utsøkte utsikta i det du klyv opp Norddalen og sjå over Røykjafossen som monnar ut i Osafjorden. Klikk! Rett til Instagram!

Sjå alle

Fleire reisetips