Lurer på

Under opphaldet ditt i Ulvik kan ein fort trenge både det eine og det andre. Kanskje bilen stoggar, eller du treng legehjelp? Her er ei hendig oversikt over smått og stort for opphaldet ditt i bygda.

Apotek lege skilt
rose

Legekontor, legevakt og apotekvarer

Ulvik legekontor held sentralt til i «Sentrumsbygget» i Skeiesvegen 7. Legekontoret har ope måndag-fredag mellom 8:30 og 16:00. Legevakta utanom opningstidene held til på Voss sjukehus – kontakt 116117 eller 56 53 04 30. Eit utval reseptfrie apotekvarer kan kjøpast på Coop Prix.

rose

Bensinstasjon

Om du treng påfyll av bensin, olje, luft eller anna bilrelatert hjelp, kan du svinge innom Ulvik Bensin og Service i Espelandsvegen 20. Dei har ope måndag-fredag mellom klokka 8 og 16. For dei som kjem med båt, er det serviceanlegg på Den Grøne kafé og høve til å fylle drivstoff på tankanlegget på Hjeltneskaia på motsatt side av kaien i Ulvik sentrum.

rose

Lading av elbil

Om batteriet på bilen nærmar seg flatt, må du få bilen på lading! Bak Coop Prix, i Skeiesvegen 19, finn du ladestasjon for elbil. Ladestasjonen har ein 50 kW CCS ladar og ein 50 kW CHAdeMO ladar.

Elbil lading skilt
Sjå alle

Fleire reisetips