Korleis koma seg til Ulvik Hanne Li

Lurer du på korleis du kjem deg til Ulvik? Det er enkelt – anten du kjem med to eller fire hjul, langs sjøvegen eller til fots. Sjå her for informasjon om reisa inn til Ulvik.

rose

Det heiter seg at «alle veger fører til Rom», og Ulvik er ingen unntak. Bygda ligg inst i Hardangerfjorden, og anten du kjem langs asfalten, over skogen eller langs sjøvegen, er det alltid ein måte å kome seg inn til «Perlo».

Under: Hotellbil Ulvik - Olai Schumann Olsen

Hotellbil Ulvik Olai Schumann Olsen
rose

Med bil

Om du kjem frå Eidfjord/Odda, tek du Hardangerbrua, køyrer rundkøyringa i Vallaviktunellen og følgjer riksveg 572 mot Ulvik langs fjorden. Dersom du kjem frå Norheimsund eller Voss, kan du velgje å køyre riksveg 572 over Espelandsdalen, eller vegen gjennom Vallaviktunellen og langs fjorden.

rose

Med buss

Reisande frå Voss, Odda, Eidfjord og Norheimsund kan ta buss nummer 925, 945, 980 eller 990 mot Ulvik. Nokre av rutene har overgang i Granvin eller Bu. For meir informasjon, sjå www.skyss.no

rose

Med båt

Det er fritt fram for å segle inn til Ulvik. I sommarsesongen køyrer Norled båt mellom Norheimsund og Eidfjord, med stopp i mellom anna Utne, Lofthus, Kinsarvik og Ulvik. For meir informasjon, sjå www.norled.no

Sykkeltur Jon Hunnålvatn Tøn 01737
rose

Med sykkel

Kjem du frå Eidfjord eller Odda, kan du sykle over Hardangerbrua. Ein sykkelveg går utanfor Vallaviktunellen og ned til hovudvegen. Ta vegen langs fjorden. Ver obs på at Torgilsbergtunellen (790 m) ikkje har utvendig sykkelsti. Kjem du frå Voss eller Norheimsund, kan du sykle riksveg 572 over Espelandsdalen.

rose

Til fots

Ulvik er eit mekka av fotturar, og det er gode høve for å kome til bygda med tursekk på ryggen. Med utgangspunkt i Granvin, er det mogleg å følgje den gamle postruta mellom dei to bygdene. Turen på omtrent 4 timar er godt merka og er middels krevjande. For reisande frå Hallingskeid, går turen langs Osaskavlen mot stølsområdet Ossete. Ta vegen frå stølen ned Norddalen for å kome til Osafjorden. For oversikt over stiane, sjå www.ut.no