Kveldsmattur til gapahuken på Tunheim

Aug
04

Borna sitt Turlag Ulvik inviterar til haustens fyste kveldsmattur. Turen går til den flotte gapahuken som Gløgg 4H har bygd på Tunheim. Her er det god plass til å nyte kveldsen sin, eller grille middagen sin på bålpan...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Borna sitt Turlag Ulvik inviterar til haustens fyste kveldsmattur. Turen går til den flotte gapahuken som Gløgg 4H har bygd på Tunheim. Her er det god plass til å nyte kveldsen sin, eller grille middagen sin på bålpanna. 

Pakk kveldsen i sekken og bli med!

Oppmøte: 

Me møtes på parkeringa i barnehagen. 

Turen:

Me går frå barnehagen, og opp forbi speidarhuset og fortsett opp traktorvegen til me kjem i skogsvegen. Her ifrå går me til gapahuken. Me fyrer i bålpanna om nokon har med bålmat.

Me tar samme vegen ned igjen, men om nokon ynskjer kan dei ta traktorvegen ned. Turen blir omlag 1,5 time.

Foreldre har sjølv ansvar for sine born, turleiar har med born sjølv.

Smittevern:

Ulvik Turlag forheld seg til ei kvar tid til dei smittevernsråda som gjeld.

Det vil seia m.a. at alle turar har påmelding for å kunna hjelpa til ved ei evt. smittesporing.

Ein skal heller ikkje delta på turane våre om ein har nyoppståtte luftvegsplager. Og alle vaskar/spritar hender før mat og ev. aktivitet.

Ta med:

- Klede etter vêret

- eit sitjeunderlag kan vera kjekt

- Handdesinfeksjon

- og sjølvsagt mat og drikke

 

Vel møtt!

Kart