Finn oss!

Som Sør-Noregs største kommune målt i areal, er det ikkje vanskeleg å finne Ullensvang på kartet. Det er fleire måtar å kome seg til Ullensvang på, uansett om du brukar bil, buss, tog, båt eller ferje.

Hurtigbåt Simon Sjøkvist DJI 0517
Med bil

Du kjem deg enkelt til Ullensvang med bil. Dersom du kjem frå aust er det fint å køyre over Hardangervidda eller over Haukelifjell. Frå Bergen er eit godt alternativ å ta ferje frå Tørvikbygd til Jondal. Kjem du sørover frå Haugesund/Stavanger er det flott å køyre langs E134 og ta seg eit stopp ved Langfoss, eller å køyre Nasjonal Turistveg Ryfylke.

I Ullensvang finn du to av Noregs Nasjonale Turistvegar, noko som gjere at det er flott å utforske kommunen med bil. Den eine turistvegen går langs Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Låtefoss, og den andre går langs Fylkesveg 550 mellom Utne og Jondal. Begge vegane er vakre å køyre heile året, og spesielt vakre under blømingstida om våren.

Med buss

Det er fleire måtar å kome seg til Ullensvang med buss på, avhengig av kvar du kjem frå og kvar i Ullensvang du skal. Det er til dømes bussar frå Oslo, Stavanger/Haugesund, Bergen og Voss som har direktelinjer eller korresponderande bussar til Ullensvang.

For bussar frå Oslo, Haugesund eller Stavanger, sjå Nor-way Bussekspress: https://www.nor-way.no/#/?step...

For all kollektiv transport i gamle Hordaland, sjå Skyss: https://www.skyss.no/

Sjå EnTur for all kollektivtransport i Noreg: https://entur.no/

Med båt eller ferje

Det fins fleire alternativ dersom ein vil kome sjøvegen til Ullensvang. Det er ferjesamband mellom Jondal og Tørvikbygd, og mellom Utne og Kvanndal. Om sommaren går det ein hurtigbåt på Hardangerfjorden, med start i Norheimsund som korresponderer med buss frå Bergen.

Det er og mogleg å ta hurtigbåt til Rosendal, buss vidare til Ullensvang.

For ferjeruter og båtruter, sjå https://www.skyss.no/

Med tog

Dersom du tar Bergensbana mellom Oslo og Bergen kan du gå av på Voss eller i Bergen og ta buss vidare til Ullensvang. Sjå https://www.skyss.no/ for busstider og https://www.vy.no/ for togtider.

Med fly

Den næraste flyplassen til Ullensvang med flest avgangar til innland og utland er Flesland, Bergen. Elles har Haugesund fleire avgangar i både innland og utland. Sjå informasjonen på denne sida om korleis du kjem deg frå Bergen og Haugesund til Ullensvang med bil, buss, båt eller ferje.

Reise rundt i Ullensvang

Det er flott å utforske Ullensvang med både bil, båt, buss og ferje. Med bil kan du stoppe der du vil og ta deg god tid, og det kan anbefalast å køyre Nasjonal Turistveg Hardanger langs Riksveg 13 og Fylkesveg 550!

Med kollektiv transport på land eller på fjorden kan du lene deg tilbake og nyte den vakre naturen i Ullensvang og i regionen. For avgangar med lokale bussar, båtar og ferjer, sjekk ut https://www.skyss.no/. Du kan bruke reiseplanleggjaren til Skyss for å finne ruter.

VH BRAND MAIN 00 01 21 16 Still043 p 1600