Ullensvang har tatt imot gjester i mange hundre år. Sidan starten av reiselivet på 1800-talet har landskapet i Ullensvang tiltrekt reisande. Her har nokre av dei mest legendariske hotella i landet vakse fram. Utne Hotel har drive kontinuerleg sidan 1722. Hotel Ullensvang starta med ei seng i 1846, og har med åra blitt eit av dei mest kjende hotella i landet. Kinsarvik Hotel opna i 1948, og er eit oppdatert moderne hotell. Men i Ullensvang kan du også overnatte i idylliske gjestehus, og i hytter av svært høg standard. Eller i enkle hytter på ein av dei mange vakre campingplassane.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram
Søkeresultat:
Søkeresultat: 40
, vises for øyeblikket 31 til 40.
TripAdvisor Vurderinger
Ringøy Camping
Address
Ringøy5780, Kinsarvik
Ringøy Camping ligg fredfullt ved strandkanten til Hardangerfjorden, og har stor plass til telt, bubil og campingvogn. Campingplassen har ei lita båthamn til småbåtar. Her er ingen resepsjon og du kan sjølv finna den plassen du helst vil ha.…
TripAdvisor Vurderinger
Ringøy Stovetun
Address
Ringøy5780, Kinsarvik
På Ringøy kan du overnatta i Løo, Stovo, Bue, eller Kjellaren. Løo og Stovo har plass til 5 personar. Bue, frå 1860, har plass til 7 personar, og Kjellaren har plass til 4 personar. Alle einingane er av høg standard med kjøkken og bad og andre…
Sekse leilegheit
Address
v. May ØvrehusNedre Sekse
5773, Hovland
Ferieleiligheiten ligg nært fjorden. Det er eitt soverom og fire senger i denne kjellarleiligheiten, som har eigen inngang. Elles er det utstyrt kjøkken, vaskemaskin, bad og hagemøblar.
Stavali Turisthytte
Address
Stavali ligg 1062 moh i Hardangervidda nasjonalpark, ein dagsmarsj frå Kinsarvik gjennom den vakre Husedalen. Stavali er eit Turistforeningshytte drifta av Bergen Turlag. Stavali er sjølvbetjent og har 62 sengeplasser. Det er hyttevakt i juli og…
Torehytta
Address
Torehytta ligg 1330 moh i Hardangervidda nasjonalpark, like ved fjellet Hårteigen (1690 moh). Det tek to dagar å kome hit til fots frå Kinsarvik, eller frå Hjølmodalen (Eidfjord), Trondsbu (Eidfjord), Ringedalen (Tyssedal), eller Middalsbu (Røldal)…
Tyssevassbu Turisthytte
Address
Tyssevassbu ligg 1319 moh på Hardangervidda, ca fire-fem timars gange frå Trolltunga, og er nærmaste overnattingsplass til Trolltunga (Reinaskårsbu er no stengt). Det er ein lang dagsmarsj å gå frå Skjeggedal (Tyssedal) til Tyssevassbu.Tyssevassbu…
TripAdvisor Vurderinger
Ullensvang Gjesteheim
Address
Århus5781, Lofthus
Ullensvang Gjesteheim er ein heim med triveleg miljø og uformell stemning. Her er overnatting og matservering i rolege omgjevnader like ved vakre Ullensvang Kyrkje på Lofthus. Romma er nyoppussa, nokre med eige bad, andre med bad på gangen. Den…
Ulsnes Gard
Address
Ulsnes5780, Kinsarvik
Fruktgarden Ulsnes ligg 7 km nord for Kinsarvik, og har flott utsikt til fleire av Hardangerfjorden sine armar.
Ulsnestunet er eit hyttetun i gamal stil med torv på taket. Det er 3 hytter : Hytto, Loftet, Bua og ein leilegheit.
Hytto har…
TripAdvisor Vurderinger
Utne Hotel
Address
Utne5778, Utne
Rett ved Hardangerfjorden ligg sjarmerande Utne Hotel. Det er landets eldste hotell i kontinuerleg drift, og har lange tradisjonar, tilbake til 1722, for å ta imot gjester. Komforten er moderne, likevel er det gamaldagse særpreget, som er særmerkt…
Vines Gard og Hytter
Address
Vines5778, Utne
I eit fredelig lite hyttefelt på Vines, omlag 8 km frå Utne mot Jondal, ligg seks koselege hytter til utleige. Her er praktfull utsikt over Hardangerfjorden og fjella i kring. Det er mange mogelegheiter for fotturar i området. Me kan også tilby…