Stavali Turisthytte

Stavali Turisthytte

Stavali ligg 1062 moh i Hardangervidda nasjonalpark, ein dagsmarsj frå Kinsarvik gjennom den vakre Husedalen. Stavali er eit Turistforeningshytte drifta av Bergen Turlag. Stavali er sjølvbetjent og har 62 sengeplasser...

Om

Stavali ligg 1062 moh i Hardangervidda nasjonalpark, ein dagsmarsj frå Kinsarvik gjennom den vakre Husedalen. Stavali er eit Turistforeningshytte drifta av Bergen Turlag. Stavali er sjølvbetjent og har 62 sengeplasser. Det er hyttevakt i juli og august. Hytta har nødvendig utstyr for matlaging og opphald. Det er lager med proviant ein kan kjøpa frå. Gjestene tek seg av matlaging, vasking, henting av vatn osv sjølve. Det er prisliste på hytta og ein legg att betaling etter prislista. Hytta er open og ein treng ikkje nøkkel.

Hugs at tursesongen på Hardangervidda er kort: det er snøfritt berre i juli og august. Sjekk vermeldinga før du legg ut på tur og ta alltid med eit godt turkart og kompass, samt varme klede (også om sommaren). Det er i regelen ikkje mobildekning på Hardangervidda.

Sesong

Kart