Stana gard

Koseleg gardshus rett i fjordkanten med eigen kai i Stana. Fleire aktivitetar og attraksjonar, som til dømes Trolltunga og Dronningstien, ligg i umiddelbar nærleik.

Booking

Om

Stana Gard ligg vakkert til ved fjordkanten i Stana, 3 km frå Tyssedal og 9 km frå Odda sentrum. Her er panoramautsikt over fjord, fossar og isbreen Folgefonna.

Utleigehuset har fire soverom, er fullt utstyrt og har ein koseleg uteplass med hagemøblar, grill og kai. Her kan gjestene både fiska eller leiga robåt.

Stana Gard ligg ved Nasjonal Turistveg Hardanger og er eit flott utgangspunkt for mange opplevingar, som til dømes fottur til Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, brevandring, sidersmaking, blomstring, med meir.

WiFi, parkering, handklede og sengetøy er inkludert i prisen.

Aktiviteter
Båter
Natur og terreng
Sesong

Kart