Indre Bjotveit Gard

Jul
24

Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjest...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblar frå Bjotveit.

På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.

Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken. Kjøkenet er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker dette til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage lunsj eller middag.

Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.

Tal rom: 4
Delt badinnhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt
Terrasse/Hage
Ingen røyking innandørs
Opent heile året
Vertskapet snakkar norsk, engelsk og tysk
rikeleg med turmoglegheiter, t.d. Dronningstien, Husedalen og Trolltunga.

Kart