Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Booking

Om

Hotel Ullensvang ligg vakkert til ved fjordkanten i Lofthus, midt i Noregs største frukthage. Det tradisjonsrike hotellet er omkransa av eit majestetisk fjordlandskap. Edvard Grieg var stamgjest på hotellet og blei inspirert av den mektige utsikta over Hardangerfjorden mot isbreen Folgefonna.

Hotellet har 170 rom i ulike kategoriar, stor konferanseavdeling (2-400 pax) og selskapslokale med plass for 10-350 personar.



Hotel Ullensvang byr på flott badeavdeling for vaksne med oppvarma innan- og utandørs basseng. For heile familien er det ein 88 m lang symjekanal mellom innandørsbassenget og horisontbassenget ute. Hotellet har stor hage med eiga sandstrand og vasstrampoline, og for dei som ynskjer ein tur ut på fjorden er ro- og padlebåtar tilgjengeleg. Hotel Ullensvang kan skilta med gode rettar på menyen, samt den spennande à la carte restauranten som er open i sommarhalvåret. Hotellet er eit godt utgangspunkt for å oppleve Hardangerfjordregionen, og kjende fjellturar som HM Dronning Sonja sin panoramatur, Munketrappene, Trolltunga og Husedalen er i nærleiken. Helikoptertur er mogleg for dei som ynskjer å sjå Hardangerfjorden frå lufta. 

Velkommen til Hotel Ullensvang! Sjekk inn. Pust ut!

Tilkomst:
Nærmeste togstasjon:                          Voss (50 km) – 45 min med bilNærmest flyplass:                             Bergen Flesland BGO (149 km)

Med bil frå:
Bergen (149 km):         2 – 2.5 t
Haugesund (170 km):   2,5 – 3 t
Stavanger (220 km):     3.5 - 4 t
Oslo (355 km):             5,5 – 6 t (via Geilo eller Haukeli)

 

 

 

 

 

 

 

Aktiviteter
Båter
Generelle fasiliteter
Handikap
Klassifisering
Kredittkort
MICE Konferansefasiliteter
Natur og terreng
Rabatter
Romfasiliteter
Sesong
Skjenkerettigheter
Spesial
Sportsaktiviteter
Språk
Utleie

Kart