Folgefonn Hytter og Gardscamping

Folgefonn Hytter og Gardscamping

På ein gard litt ut forbi Jondal sentrum, ved vegen opp til Folgefonna, finn du Folgefonn Hytter og Gardscamping. Her kan du overnatte i hytter, leilegheiter, feriehus eller i eigen telt på campingplassen.

Om

I eit gardstun, om lag fem kilometer frå Jondal sentrum, finn du Folgefonn Hytter og Gardscamping. Dei leiger ut hytter, leilegheiter og gardshus i ulike storleikar. Nokre av einingane har dusj, toalett og tørkerom. Dette finn ein også i eige sanitærbygg på campingplassen. Born kan vera med på fjøsstellet om ynskjeleg. 15 kilometer lenger oppe i dalen finn du Folgefonna. Der kan du oppleva breen, stå på sommarski eller gå på guida brevandring.

Annen overnatting
Avstand
Sesong

Kart