Bakketun Overnatting

Bakketun overnatting ligg i bygda Herand og har flott utsikt over Hardangerfjorden. Her er fire utleigeeiningar, eit feriehus og tre leilegheiter. Feriehuset er eit restaurert gardshus frå 1865 med tre soverom og 8-10...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Bakketun overnatting ligg i bygda Herand og har flott utsikt over Hardangerfjorden. Her er fire utleigeeiningar, eit feriehus og tre leilegheiter. Feriehuset er eit restaurert gardshus frå 1865 med tre soverom og 8-10 sengeplassar. Dette er eit hus med sjel der mange av dei gamle detaljane er bevart- på kjøkken er det t.d. open grue. Leilegheitene er  i tre storleikar. "Floren" er den største med 75 m², to soverom og til saman 5-7 sengeplassar. Leilegheita har også eigen terrasse med utsikt.  "Hagen" er på 53 m² og har to soverom med til saman 5-6 sengeplassar. Kjøkkenet og badet er nyoppussa, og frå leilegheita er det fin utsikt og utgang til hage. "Mjølkerommet" er den minste med 28 m². Her er stove og soverom i eit og til saman 2-4 sengeplassar. I leilegheita er det kjøkkenkrok med eteplass. Gjestar kan leige båt med eller utan motor og to kajakkar med alt utstyr. Bakketun overnatting ligg nært turterreng med fleire oppmerkte turstiar.

Aktiviteter
Kjøkken og hushold
Romfasiliteter
Sesong
Utleie

Kart