Winter Adrenaline for nybegynnarar

Okt
25

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger! Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Røldal og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger!

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Røldal og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel. Det er også mogelg å booka ei sidersmaking med ulike produsentar. Dette kostar 400 kroner og har ei aldersgrense på 18 år.

Denne vinterpakken frå Trolltunga Active passar perfekt for dei som ynskjer å læra meir om å stå på ski, samt nyta dei flotte omgjevnadane i skieldoradoaet Røldal.

Program:

Torsdag: Ankomst. Overnatting er ikkje inkludert i pakken, men det er mogleg å booka hjå partnarhotellet Trolltunga Hotel. Odda og området rundt Røldal har også ei rekke andre overnattingsstader tilgjengeleg for booking.

Fredag: Finpuss teknikken og lær nye ferdigheiter med ski på beina. Dei røynde guidane til Trolltunga Active står klare til å hjelpa og gje deg ein flott ski-dag i Røldal. Du må ha med eigne ski eller snowboard, men det er mogleg å leiga utstyr for dei som ynskjer det.

Laurdag: Guida dagstur på truger til Oksen, Melderskin eller andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger. Ein får låna truger av Trolltunga Active, men dersom du ynskjer å bruka eigne ski, kan du det. På kvelden er det servering av trerettars middag og tre glas lokalprodusert sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Pakken som kostar 4.100 NOK, er tilgjengeleg i tidsrommet 29.01 – 30.04 og inkluderer fylgjande:

Truger og stavar

Lunsj på førespurnad

Middag og 3 glas sider frå Hardanger

Guide

Pakken har ei aldersgrense på 15 år og passar for dei aller fleste. Ski-køyringa i Røldal er tilpassa for dei som enten ikkje har stått på ski før, eller ynskjer å læra seg nye teknikkar. Den guida fotturen på laurdag er til dels krevjande og passar ikkje for personar med kneskadar og/eller andre skadar.

For meir informasjon, sjå Trolltunga Active sine heimesider.

Klassifisering

Kart

Arrangement i nærleiken