Utne-Utnesdalen-Grønaskar-Grimsnuten

Okt
25

Utne: Utne-Utnesdalen-Grønaskar-Grimsnuten Startpunkt: Utne Hotel Endepunkt: Grimsnuten Parkering: ved Utne Kyrkje Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail

Om

Utne: Utne-Utnesdalen-Grønaskar-Grimsnuten

Startpunkt: Utne Hotel

Endepunkt: Grimsnuten

Parkering: ved Utne Kyrkje

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Norheimsund i sommarhalvåret.

Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet ved Utne Hotel

Gradering: Krevjande fottur.

Høgdeskilnad: 1233 moh.

Tidsbruk: 4 timar.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel og Hardanger Folkemuseum . Bruk gode tursko og ta med mat på turen.

Turomtale: Dette er ein krevjande tur til fjelltopp med fantastisk utsikt. Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare til nytt vegskilje på Dalset. Løypa går så om Øvstestølen og Grønaskar, deretter sørover mot Grimsnuten

Variasjon av denne løypa: Utne-Utnesdalen-Grønaskar-Demmena.

Gradering: Middels krevjande fottur.

Høgdeskilnad: 910 moh.

Tidsbruk: 3,5 timar.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel, Hardanger Folkemuseum . Bruk gode tursko og ta med mat på turen.

Turomtale: Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare til nytt vegskilje på Dalset. Løypa går så om Øvstestølen og Grønaskar. Deretter vest- og nordover mot Demmena.

Kart

Arrangement i nærleiken