Turistvegen til Folgefonna Nasjonalpark

Sep
21

Frå 1850 og framover voks Odda fram som ein av dei mest kjente turiststadene i Noreg. Det var utan tvil den frodige og ville naturen som trakk turistane hit. Mange ville sjå Folgefonna på nært hald. Sommaren 1896 vart...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Frå 1850 og framover voks Odda fram som ein av dei mest kjente turiststadene i Noreg. Det var utan tvil den frodige og ville naturen som trakk turistane hit. Mange ville sjå Folgefonna på nært hald. Sommaren 1896 vart arbeidet med utbedring av turistvegen satt i gang - eit samarbeidsprosjekt mellom Den Norske Turistforening og Bergen Turlag.



Den vart fyrst laga som ridesti. Turistvegen går opp Tokheimslia, ca 2 km fra Odda sentrum. Turisttrafikken over Folgefonna gjekk med breførar. I åra 2000 og 2001 vart Turistvegen på nytt restaurert. Langs den gamle ruta over breen finn me 3 hytter som en kan overnatte i: Holmaskjer, Fonnabu og Breidablikk.

Folgefonna er Norges 3. største isbre og dekkjer 220 km2. Høgaste punkt er 1662 moh. Dette er ein av Norges brearmar med lettast tilgjenge.



Langs Turistvegen er det sett opp hever eller kvilebuer som me kallar det. Her kan ein søkje ly for vær og vind. Gangtid til Holmaskjer frå hovedvegen er ca 4-5 timer. Fjellsko og varme klær er naudsynt. Ein må fylje oppmerka løype. Siste delen av turen går på Folgefonna og er merka med kvistar. Om ein vil gå opp til hytta er det viktig at ein tek med kart. Været kan fort endra seg og det er vanskeleg å sjå siste delen når det er dårleg sikt. Vis respekt for og ta vare på naturen. Turistinformasjonen i Odda kan gje meir informasjon om turen og breførarar.



Vi anbefaler denne turen på det sterkeste. I juli måned arrangeres det skiturer fra Holmaskjer til Fonnabu og omvendt. En flott opplevelse.



Etter at Folgefonntunnelen åpnet i 2001 er det enkelt å komme tilbake til startpunktet om man velger å krysse breen og komme ned på den andre siden.

Natur og terreng

Kart

Arrangement i nærleiken