Sykkel: Nasjonal turistveg Hardanger

Utne - Herand - Jondal Rv 550 mellom Utne og Jondal er del av den Nasjonale Turistvegen i Hardanger. Nyt turen langs Hardangerfjorden medan du passerer fruktgardar og vakker natur. Avstand mellom Utne og Herand er...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail

Om

Utne - Herand - Jondal



Rv 550 mellom Utne og Jondal er del av den Nasjonale Turistvegen i Hardanger. Nyt turen langs Hardangerfjorden medan du passerer fruktgardar og vakker natur. Avstand mellom Utne og Herand er 22 km, medan det er 42 km mellom Utne og Jondal. Det er normalt mindre trafikk her enn andre stader i Hardanger. Vegen er delvis bratt og krevjande, men har fleire flate parti. Stigning rundt 300 meter. Asfaltert heile vegen.

Tips! Det er flott å sykle frå Utne til Herand og deretter returnere til Utne med hurtigbåten «Hardangerfjord Sightseeing».

Utne er eit naturleg knutepunkt med tilkomst via ferje frå Kvanndal eller Kinsarvik, eller bilveg frå Odda eller Jondal. Du kan også ta hurtigbåt (Hardangerfjord Sightseeing) frå Norheimsund, Herand, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik eller Eidfjord. Det er fullt mogleg å ta med sykkel på hurtigbåten, men her anbefaler me på det sterkaste å booke på førehand. 




Kart