Sykkel: Fjordruta Oksenhalvøya

Fjordruta tek deg langs Hardangerfjorden der fleire fjordarmar møtest. På ei relativt kort strekning har ein flott utsyn til fleire fjordar. Det er parkeringsplass på Bu og i Vallavik. Frå Bu syklar du over Harda...

Om

Fjordruta tek deg langs Hardangerfjorden der fleire fjordarmar møtest. På ei relativt kort strekning har ein flott utsyn til fleire fjordar.

Det er parkeringsplass på Bu og i Vallavik. Frå Bu syklar du over Hardangerbrua til Vallavik, og frå Vallavik går Fv 302 langs Hardangerfjorden til Tjoflot. Her er lite biltrafikk. Syklande må vera merksame på ein ca 500 meter lang tunnel på Fv 302 som er heilt utan lys. Her må ein ha med godt lys og refleks.

Avstander:
Bu-Vallavik, over Hardangerbrua: ca 2,5 km
Vallavik-Tjoflot,ca 15 km

Høgaste punkt på ruta: Bu, ca 150 moh.

Kart