Skrivargarden på Hesthamar

Skrivargarden på Hesthamar

Omlag 4-5 kilometer nord for Utne ligg ein av dei eldste sorenskrivargardane i landet. Det vakre og unike våningshuset vart bygd i 1723, og påbygd utover 1700-talet. I dag er det eitt av få bygg i Hardanger som har sl...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Some

Om

Omlag 4-5 kilometer nord for Utne ligg ein av dei eldste sorenskrivargardane i landet. Det vakre og unike våningshuset vart bygd i 1723, og påbygd utover 1700-talet. I dag er det eitt av få bygg i Hardanger som har slikt autentisk 1700-talspreg.

Gjennom tida har bruken av garden og huset endra seg mykje. Frå bustad til sorenskrivaren,  vart det fattiggard, og så jordbruks- og fruktdyrkingsskule, og sist kunstnarbustad. Huset vart freda i 1932 av Riksantikvaren.

Huset si spanande histore vert fortalt på omvising i huset kvar sundag i juli mellom kl 12 og 16. Det er også sal av kaffi, saft og vafler. Grupper er velkomne utanom opningstid etter avtale. Les meir i Kulturhistorisk vegbok Hordaland.

Sesong

Kart