Selsvik - Gullbergnotten

Jan
28

Fottur til Gullbergnotten naturreservat med flott utsikt over Jondal sentrum og fjorden.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

5,4 km nord for Jondal sentrum (veg 550), ta av mot Selsvik. Etter ca 350 m kjem du til eit vegkryss. Her er startpunkt for tur til Jonahorn, og informasjonstavle for turane til Jonahorn og Gullbergnotten. Turen til Gullbergnotten startar ca 400 m lenger opp mot Selsvik (ved enden på asfaltert veg). Parker langs gardsbygning. Parkering på eige ansvar.

Om turen
Turen går i Gullbergnotten naturreservat. Du startar i Selsvik med å gå gjennom frukthage til du finn eit retningsskilt. Gå vidare gjennom innmarksbeite til eit nytt retningsskilt, og så på traktorveg eit stykke oppover. Veg går over til god skogsti og du kjem inn i reservatet. Stien går om lag der høgspentlinja går til toppen av skaret. Det er her skilta til Gullbergnotten (Ved skiltet tek det av ein umerka sti til Tofjell.) Like ovanfor skaret går du innom stølen Liasete. På Gullbergnotten er det svært god utsikt ned til Jondal sentrum og ut fjorden. Her kan du også gå vidare ned til Jondal.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis
Lengde: 2,6 km
Total gangtid: 3 timar
Sesong: mai - november 
Gradering: Blå, middels 

Gradering

Kart