RIB båt fjord safari med sidersmaking - Trolltunga Active

Okt
25

Opplev fjorden, fjella, Folgefonna, fossar, dyreliv og kulturen i Hardanger på ein guida RIB-tur med Trolltunga Active frå Odda. Kan kombinerast med sidersmaking for dei som ynskjer.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Bli med på ei fartsfylt oppleving i Sørfjorden sitt fjordlandskap! Trolltunga Active sin RIB Boat Fjord Safari kombinerer natur, historie og kultur på ein god måte. Turen startar i Odda Sentrum og fortset utover den vakre Sørfjorden. På vegen passerer du Kraftmuseet i Tyssedal, buldrande fossar, isbreen Folgefonna, fruktgardar og den eine fjordperla etter den andre. Undervegs fortel guiden historier om natur, kultur og tradisjonar frå regionen.

Turen som strekk seg over to timar, passar for alle aldersgrupper – heilt ned til born på 8 år. Born under 12 år må ha med seg ein vaksen.

Trolltunga Active sin RIB Boat Fjord Safari inkluderer også ei sidersmaking for dei som ynskjer det. Då legg ein til kai på ulike sidergardar i Sørfjorden. Skal ein smaka på sider frå Hardanger, må ein vera fylt 18 år.

I tillegg til denne turen, tilbyd Trolltunga Active ei rekke andre spanande aktivitetar i og rundt Trolltunga heile året.

 

Kart

Arrangement i nærleiken