Pineskår - Gullbergnotten

Pineskår - Gullbergnotten

Bratt og krevjamde tur til Gullbergnotten med svært god utsikt til Jondal sentrum og fjorden.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta veg 550 nordover frå Jondal sentrum. Køyr 1,4 km til du kjem gjennom ein kort tunnel. (Det er tillate å gå gjennom tunnelen). Staden heiter Pineskår. Parkering på sjøsida av vegen, men ikkje sperr porten til miljøstasjonen. På motsett side av vegen er det informasjonstavle og skilt til Gullbergnotten. Parkering på eige ansvar.



Om turen

Turen går i Gullbergnotten naturreservat og for det meste i tørt terreng. Første halvdel av turen går du i lauvskog, og stien er tildels bratt og krevjande. To plassar er det montert stigtrinn i fjell. Etterkvart flatar terrenget litt av og skogen opnar seg. Stien går vidare i furuskog på lyng og snaufjell til Gullbergnotten. Svært god utsikt til Jondal sentrum og ut fjorden. Her kan du også gå vidare på merka rute til Selsvik.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis 
Lengde: 2,3km
Total gangtid: 4 timar 
Sesong: Mai - november 
Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart