Nosi - Munketreppene

Aug
02

Nosi – Munketreppene. Fantastisk fjordutsikt. Startpunkt: ved daglegvarebutikken på Lofthus. (eventuelt Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Opedal Skule, eller annan plass) Endepunkt: ved Nosi, m o h. Pa...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Nosi – Munketreppene. Fantastisk fjordutsikt.

Startpunkt: ved daglegvarebutikken på Lofthus. (eventuelt Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Opedal Skule, eller annan plass)

Endepunkt: ved Nosi, m o h.

Parkering: Ved daglegvareforretninga på Lofthus. I skuleferiane kan ein parkera ved Opedal Skule.

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar ved daglegvarebutikken.

Gradering: Det er god stigning heile vegen. Turen er merka som krevjande (raud).

Turlengd: ca 6 km ein veg.

Høgdeskilnad: 950 meter.

Tidsbruk: 2-4 timar ein veg

Gode råd: Det er bratt, så gode sko er viktig. Det er lurt å ta med seg mat og vatn.

Turomtale: Start ved daglegvareforretninga på Lofthus. Følg riksveg 13 nordover få meter til vegkryss. Ta lokalvegen FV 102  på høgre hand og gå i retning Lofthus Camping. Etter ca 350 meter, ved Opedal Skule, tek ein til høgre og følgjer ein bratt og asfaltert gardsveg forbi fruktgardar. Etter ca 500 m deler vegen seg og ein tek til høgre og fortset på grusveg. Følg grusvegen oppover lia, det er skilta med ”Nosi”. Frå ca 400 m o h går det sti på tvers av grusvegen, som slynger seg oppover. Stien er brattare og raskare å følgja enn skogsvegen. Skogsvegen sluttar ca 750 m o h. Herifrå går det sti vidare til Nosi. Mellom ca 600 m o h til 800 m o h er det lagt steinar til rette i terrenget, nett som trappetrinn. Mange kallar desse steintreppene for Munketreppene. Utsikta er svært god på denne turen. Nosi er ein liten fjellformasjon som stikk ut i terrenger. Frå fjorden ser det ut som ein nase, derav namnet ”Nosi”. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassen ved Nosi. Fortset ein litt lenger etter Nosi, kjem ein til toppen av lia, og starten av Hardangervidda Nasjonalpark og Dronningstien. Herifrå er utsikten vakker mot Hardangervidda Nasjonalpark, og på andre sida av fjorden mot Folgefonna Nasjonalpark. Hugs varme klede, godt turkart og kompass om du skal gå vidare inn på vidda etter dette. 

Variasjon av denne løypa: I staden for å ta same veg tilbake er det mogeleg å returnera ned til fjorden på sør sida av Hovden, og koma ned via Elvedalen og Opedal før returen til utgangspunktet.

Bli med Kjell Fuglehaug til munketreppene.

Kart