Knud Knudsen utandørs galleri

Aug
02

Fotografen og fruktdyrkaren Knud Knudsen (1832-1915) Knud Knudsen var mellom pionérane i norsk fotografi på 1800-talet. Han skapte dei første fotodokumentariske seriane av arbeidsliv og folkeliv, og tok tusenvis ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Fotografen og fruktdyrkaren Knud Knudsen (1832-1915)

Knud Knudsen var mellom pionérane i norsk fotografi på 1800-talet. Han skapte dei første fotodokumentariske seriane av arbeidsliv og folkeliv, og tok tusenvis av lanskapsfoto frå store deler av landet. Som fotograf var Knudsen ein stilskapar. Han fekk mange prisar og er ein kjend fotograf nasjonalt og internasjonalt.

Knud Knudsen var født i Odda i 1832. Han vart tidleg interessert i fruktdyrking, fekk reisestipend til Tyskland for å studera faget og vart ein føregangsmann for fruktnæringa. Han prøvde ut over hundre ulike sortar eple, pærer og bær i Odda.

Fotokunsten til Knudsen er ein viktig del av nasjonen og lokalsamfunnet sin kulturarv.

Tusenvis av foto etter Knud Knudsen er tilgjengelege på nett. Arkivet er oppbevart og formidla ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen, og er på UNESCO-lista for norsk dokumentararv. Du kan sjå fotosamlinga på marcus.uib.no.

Kraftmuseet har òg Knudsen-samlingar.

Byfornying på smelteverksområdet

På det verdensbekjendt deilige sted Odda, - der reiser det seg nå store anlegg som helt vil forandre stedets karaktér.

Dette skrev Teknisk Ukeblad i 1908. Odda var ikkje lenger ein idyllisk stad i Hardanger. I 2003 stoppa produksjonen ved smelteverket. Portar og gjerde er fjerna, og fabrikkområdet vert utvikla som bydel i Odda.

Foto-Knud på Smelteverket tar den gamle hardangerkulturen tilbake til Odda sentrum.

Galleriet Foto-Knud på Smelteverket er eit samarbeid mellom Odda Kommune og Kraftmuseet.

Fotogalleriet opna på 100-årsdagen for Knud Knudsens død, 21. mai 2015.

Kart