Jordalstølen

Aug
02

Ca 1 - 1,5 timar ein veg. Frå Odda sentrum fyl rv 13 mot Røldal. Ta av og fyl skilting mot Buer og Buerbreen. Forbi Odda Camping køyrer ein langs Sandvinsvatnet mot Buer. Ta av til venstre mot Strand ved Jordal. Turen...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Ca 1 - 1,5 timar ein veg. Frå Odda sentrum fyl rv 13 mot Røldal. Ta av og fyl skilting mot Buer og Buerbreen. Forbi Odda Camping køyrer ein langs Sandvinsvatnet mot Buer. Ta av til venstre mot Strand ved Jordal. Turen startar ved øvre Strand, ca 3 km frå Odda Camping. Stien opp til stølen er god, til dels med trappetrinn av stein. Stien går gjennom eit vakkert landskap, og eit stykke av vegen går den langs Strandsfossen. Etter ca 30 minutt er ein oppe på flaten som fører inn til Nedstestølen. Landskapet har ein rik flora med mange vakre fjellplanter. På Jordalsstølen har det vore stølsdrift i mange år, i dag er det mest sauehald. I alle vatna på Jordalsstølen er det godt med aure, mest småfisk. Frå Jordalsstølen kan ein fortsetje turen til venstre rundt Jordalsnuten, over Tverreggi, og ned til Buer. Denne turen vil ta ca. 4 timar frå Strand til Buer.

Kart