Aug
04

Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

På Lofthus, ein del av den største frukthagen i Noreg, finn du Helleland Gard. Der produserer dei sin eigen eplesider og most under merkevara «Heldre Sider og Saft». På garden, som har vore i familien sidan 1684, har dei også eit gardsutsal. I tillegg til deira eigne, fruktige produkt, sel dei andre lokalproduserte varer frå Lofthus-området – alt frå gelear og syltetøy til honning og hermetisert frukt. Utsalet er ope kvar ettermiddag i sommarmånadane, utanom sundagar.

På Helleland gard kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat i «Mosstova» frå tidleg 1600-tal. Eller du kan velja ei enkel smaking i produksjonslokalet og uteserveringa deira. Om sommaren har dei faste tidspunkt som passar opp mot siderbåtruta.

Velkomen til Helleland Gard!

Klassifisering

Kart