Hardangervidda: tre-dagars tur

Kinsarvik-Husedalen-Stavali-Hadlaskard/Hedlo/Viveli-Øvre Eidfjord Dette er ein av dei klassiske Hardangervidda-turane. Med start i Kinsarvik, går første dag opp Husedalen, dalen med dei fire fossane, med første o...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Kinsarvik-Husedalen-Stavali-Hadlaskard/Hedlo/Viveli-Øvre Eidfjord

Dette er ein av dei klassiske Hardangervidda-turane. Med start i Kinsarvik, går første dag opp Husedalen, dalen med dei fire fossane, med første overnatting på Stavali. Andre dag går det vidare innover vidda, med overnatting på ei av hyttene i den vakre Veigdalen: Hadlaskard, Hedlo eller Viveli. Tredje dag går ned Veigdalen og Hjølmadalen til Øvre Eidfjord. Hugs å kjøpe fiskekort på Turistinformasjonen!

Sesong: juli og august

Rute/tidsbruk:
Første dag: Kinsarvik-Husedalen-Stavali 6-7 timar

Andre dag: Stavali-Hadlaskard 6-7 timar, eller Stavali-Hedlo 5 timar , eller Stavali-Viveli 5-6 timar.

Tredje dag: Hadlaskard-Hjølmaberget 6,5 timar, eller Hedlo-Hjølmaberget 3,5 timar, eller Viveli-Hjølmaberget 1,5 timar. Det går bilveg frå Hjølmaberget ned til Øvre Eidfjord. Denne bilvegen er eigna for bilar opp til 6 meter. Du kan ta taxi, eller gå ned til Øvre Eidfjord

Turisthytter på ruta:
Stavali, 1024 moh. Sjølvbetjent, open turisthytte (Bergen turlag). Hyttevakt i juli og august.

Hadlaskard, 995 moh. Sjølvbetjent, open turisthytte (Bergen turlag). Hyttevakt i juli og august.

Hedlo Turisthytte, 945 moh. Privat hytte. Betjent i juli og august.

Viveli Fjellstova, 880 moh. Privat hytte. Betjent juli og august.

 

Buss:
Skyss buss 990 går mellom Kinsarvik og Bu. Rutetabell.

Skyss buss 991 går mellom Bu og Eidfjord/Øvre Eidfjord. Rutetabell.

 

Taxi:
Kinsarvik tel (+47) 95 47 45 75

Eidfjord tel (+47) 90 19 54 83

 

Parkering:

Kinsarvik: ved sida av Heradshuset (60.374771, 6.721917) , eller ved brua over elva Vivippo (60.363347, 6.744060).

Parkering Hjølmaberget ( 60.371412, 7.169371)

Kart: Hardangervidda Vest, 1:50.000. Kjøp kartet på turistkontor, eller bestill online hos Den Norske Turistforeningen. Kr 229,-.

 

Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:

Ta med varme, vindtette og vasstette klede.

Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Verte kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.

Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.

Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.

Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk. 

Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det. 

I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg. Du kan kjøpe proviant, og overnatte, på den Norske Turistforeningen sine hytter. Du kan betale kontant eller ved betalingsfullmakt. Les meir her 

Om du ikkje vil bruka pengar på utstyr og kart, er det best å ta dagsturar, sjå mange fine turforslag i Ullensvang her

Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september. 

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.

I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag. 

Ta med alt søppel heim.

Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.

Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.

Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.

Les denne brosjyren før du legg ut på tur.


Nyttige lenker:

Den Norske Turistforening         

Om hyttene 

Prisar på overnatting, opphald og mat 

Om rutene og merking

Kart/planleggingsverktøy, Hardangervidda

Bli medlem i Den Norske Turistforening


 

Kart

Arrangement i nærleiken