Hardangervidda: fem-dagars tur

Aug
02

Kinsarvik-Stavali-Torehytta-Litlos-Hellevassbu-Haukeli Dette er ein verkeleg flott tur, med mange høgdepunkt. Første dag går opp Husedalen, dalen med dei fire fossane. Hårteigen, som ligg nært Torehytta, er det k...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Kinsarvik-Stavali-Torehytta-Litlos-Hellevassbu-Haukeli

Dette er ein verkeleg flott tur, med mange høgdepunkt. Første dag går opp Husedalen, dalen med dei fire fossane. Hårteigen, som ligg nært Torehytta, er det karakteristiske fjellet 1690 moh. Ver merksam på at turen opp Hårteigen krev klatring, og ein må sjølv vurdera om det er trygt. Litlos ligg i eit vakkert område. Fiskekort til sals på hytta. Hellevassbu ligg nært nokre av Hardangervidda sine høgaste fjelltoppar. Hugs å kjøpe fiskekort på Turistinformasjonen!

Sesong: juli og august

Rute/tidsbruk:
Første dag: Kinsarvik-Husedalen- Stavali 6-7 timar

Andre dag: Stavali-Torehytta 7 timar

Tredje dag: Torehytta – Litlos 6 timar

Fjerde dag: Litlos – Hellevassbu 5 timar

Femte dag: Hellevassbu-Haukeliseter 7 timar


Turisthytter på ruta:
Stavali, 1024 moh. Sjølvbetjent, open turisthytte (Bergen turlag). Hyttevakt i juli og august.

Torehytta 1330 moh.  Sjølvbetjent turisthytte (DNT Oslo og Omegn). Låst hytte, medlemmer i Den Norske Turistforeningen kan bestilla nøkkel online.

Litlos, 1180 moh. Betjent turisthytte i juli og august (DNT Oslo og Omegn).

Hellevassbu, 1167 moh. Sjølvbetjent turisthytte (DNT Oslo og Omegn). Låst hytte, medlemmer i Den Norske Turistforeningen kan bestilla nøkkel online.

Haukeliseter Fjellstue, 1000 moh. Betjent heilårsopen turisthytte ved E134.

Buss:
Skyss buss 990 går mellom Kinsarvik og Odda. Rutetabell

NOR-WAY bussekspress, rute 180 Haukeliekspressen. Haukeliseter-Odda. Rutetabell

Taxi:
Kinsarvik tel (+47) 97 57 26 04

Parkering:
Kinsarvik: ved sida av Heradshuset (60.374771, 6.721917) , eller ved brua over elva Vivippo (60.363347, 6.744060).

Kart: Hardangervidda Vest, 1:100.000, eller hardangervidda vest 1:50.000 og haukelifjell 1:50.000. Kjøp kartet på turistkontor, eller bestill online hos Den Norske Turistforeningen. Ca kr 200.

 

Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:

Ta med varme, vindtette og vasstette klede.

Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Verte kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.

Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.

Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.

Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk. 

Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det. 

I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg. Du kan kjøpe proviant, og overnatte, på den Norske Turistforeningen sine hytter. Du kan betale kontant eller ved betalingsfullmakt. Les meir her 

Om du ikkje vil bruka pengar på utstyr og kart, er det best å ta dagsturar, sjå mange fine turforslag i Ullensvang her

Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september. 

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.

I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag. 

Ta med alt søppel heim.

Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.

Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.

Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.

Les denne brosjyren før du legg ut på tur.
 

Nyttige lenker:

Den Norske Turistforening         

Om hyttene 

Prisar på overnatting, opphald og mat 

Om rutene og merking

Kart/planleggingsverktøy, Hardangervidda

Bli medlem i Den Norske Turistforening 

 

Kart