Grytingsvatnet

Aug
02

Kinsarvik – Gryting Startpunkt: Kinsarvik sentrum/Minikraftverket Personbil: Ein tar av frå RV 13 ved brua i Kinsarvik og køyrer i retning Husemoen. Hald til høgre til ein er komen forbi byggefeltet og ta så f...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Kinsarvik – Gryting



Startpunkt: Kinsarvik sentrum/Minikraftverket

Personbil:

Ein tar av frå RV 13 ved brua i Kinsarvik og køyrer i retning Husemoen. Hald til høgre til ein er komen forbi byggefeltet og ta så fyrste til venstre. Ta deretter av på grusvegen inn i skogen. Vidare tar ein fyrste til venstre og følger så grusvegen cirka 500 meter. Her er ein liten parkeringsplass ved to små bygningar.



Bubil:

Parker bak Kinsarvik Fjord Hotell, og følg deretter vegen som beskrive i førre avsnitt.



Endepunkt: Grytingsvatnet



Parkering: Minikraftverket i Husemoen, evt. bak Kinsarvik Fjord Hotell



Merking: Tydelig sti i landskapet. Stien er varda, men ikkje merkt med raude T'ar.



Gradering: Middels/krevjande



Høgdeskilnad: Minikraftverk ca 150 moh,



Grytingsvatnet ca 800 moh,



Tidsbruk: Frå sentrum til minikraftverket brukar ein cirka 45 minutter.



Frå minikraftverket opp til Grytingsvatnet bruker ein mellom 2 og 3 timar, ned att mellom 1 og 2.



Gode råd: Viktig med gode sko. Dersom det er vått kan deler av stien vera veldig sleip. Ta med niste og vindtette klede. Steinar i nærleiken av elva kan vera sleipe. Deler av stien er hogd ut i berget og går langs kanten av stup. Ikkje anbefalt for folk med høgdeskrekk.

Turomtale: Frå minikraftverket følger ein grusvegen vidare oppover. Etter 800 meter gjer vegen ein U-sving. Her skal ein ta av frå vegen og følgja ein liten sti som går inn i skogen på høgre sida. Denne stien fører ein ut på ein ny traktorveg som ein må følgja i 300 meter. Deretter kjem ein til ein liten velteplass, der stien held fram inn i skogen. Herifrå er det berre å følgja stien til topps.

Merk! Når elva er stor kan deler av stien forsvinna. I så tilfelle må ein følgja elvebredden oppstrøms til ein finn stien igjen.

Det er og viktig å merka seg at deler av stien går langs store høgder, så ein må vera forsiktig.

Kart