Frå Reiseter til Folgefonna Nasjonalpark

Sep
21

Reiseterlia, frå Reiseter til Folgefonna Nasjonalpark. Dette er ein turveg inn i Folgefonna Nasjonalpark, med vakker utsikt til isbre, fjell, fjord og kulturlandskap. Dyktige sherpaer frå Nepal med spesialko...

Om

Reiseterlia, frå Reiseter til Folgefonna Nasjonalpark.

Dette er ein turveg inn i Folgefonna Nasjonalpark, med vakker utsikt til isbre, fjell, fjord og kulturlandskap.

Dyktige sherpaer frå Nepal med spesialkompetanse på steinlegging har dei siste åra har arbeidd med å steinsetja stiane og laga vardar til dei eldgamle ferdsleårene over Folgefonnhalvøya.

Området er både vakkert, men også ugjestmildt. Over 1.000 moh kan veret endra seg raskt. Det er ikkje alltid snøen smeltar heilt om sommaren i fjellet. Gå difor berre så langt det er steinsett, og ikkje lengre enn til den første varden, ved Reiserereggje, ca 1200 moh. Vidare ferd bør berre gjennomførast med kjentfolk, i godt ver om sommaren.

Sesong: juli-oktober. Denne turen må ein absolutt ikkje gå vinter og vår. Stien i Reiseterlia går rett gjennom skredløpet, der det går snøras mest kvart år. Difor er det bygd skredvollar for å verne folk og hus.

Startpunkt: Reiseter.

Endepunkt: Reiseterlia, ikkje lengre enn til den første varden, ved Reiserereggje.

Parkering: På Reiseter. Frå Nå, ved Nå Auto, ta lokalveg FV 109 og køyr oppover 3,7 km til Reiseter. Reiseter ligg 330 moh. Siste del av vegen er veldig smal, og berre eigna for personbilar. Parkeringsplassen er liten, og pass på at parkeringa ikkje er til sjenanse for gardsdrift. Større køyretøy må parkera nede på Nå. Å gå frå Nå til Reiseter er ein fin tur, som går forbi mange fruktgardar, og med god utsikt til Sørfjorden.

Tilkomst med offentleg transport: Skyss buss frå Odda, Utne og Jondal (linje 980) stoppar på Nå.

Merking: Det står informasjonstavle på Reiseter. I starten følg ein skogsveg. Oppetter lia er stien steinsett, med «trappetrinn», så det er lett å følgja. Den første varden er ved Reisetereggje, ca 1200 moh.

Gradering: Opp Reiseterlia er det svært bratt å gå heile vegen, men lett å føta seg på steinen. Dette er ein middels krevjande tur.

Turlengd: Frå Reiseter til den første varden er ca 7,5 km.

Høgdeskilnad: Frå Reiseter til den første varden er det ca 870 meter høgdeskilnad.

Tidsbruk: Frå Reiseter til den første varden tek det to-tre timar å gå opp.

Gode råd: Les infomasjonsskiltet på Reiseter, bruk godt fottøy, ha med niste, noko å drikka og varme klede. Gå berre opp lia, og fortsett ikkje innover fjellet. Her er det ikkje ferdig tilrettelagt, og fjellet kan vera svært ugjestmildt! Hugs å skriva namnet ditt i gjesteboka i postkassen ved Reisetereggje.

Turomtale: Frå parkeringsplassen på Reiseter, gå gardsvegen/skogsvegen i retning sørvest inn til Skrelet. Ein skogsveg like sør for Bleieelva fører til den steinsette stien opp Reiseterlia - forbi Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug og til Reisetereggje i 1200 meters høgd, der den fyrste retningsvarden står. Opp Reiseterlia er ei vandring på flott steinarbeid med vakker utsikt over Reiseter og Sørfjorden - "stairway to heaven".

Kart/høgdeprofil: Sjå her. NB: Gå ikke over fjellet  frå Reisetereggje til Krossdalen utan kjentsfolk!

Variasjon av denne løypa: Utsikta frå Reiseter er veldig fin, og for dei som vil ha ein kortare tur, er det fin utsikt heile vegen oppover. For dei som ikkje vil køyra opp den smale vegen frå Nå til Reiseter, er det også ein fin turå gå med god utsikt til fjorden og Folgefonna.

 

 

 

Kart

Arrangement i nærleiken