Bake- og handverksdagar på Agatunet og Folkemuseet

Aug
04

Kom og opplev baking på tradisjonelt hardingvis. Her kan du få smaka og kjøpa tradisjonsbakeverar som "krotakaker". I Agatunet er det baking i eldhuset  og open vevstove fredagar. Då fyrer Vikebygd og Aga Bygdekvinnel...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Kom og opplev baking på tradisjonelt hardingvis. Her kan du få smaka og kjøpa tradisjonsbakeverar som "krotakaker". I Agatunet er det baking i eldhuset  og open vevstove fredagar. Då fyrer Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag opp omnen i bakstkjellaren, og du kan kjenne lukta av nysteikte krotakaker i heile tunet. Les meir om krotakaker og baksten på Agatunet her

I museumstunet til Hardanger Folkemuseum er det bakedagar og handverksaktivitetar tysdagar i juli. Då er det berre å følgje lukta av nysteikte krotakaker som blir laga i eldhuset i museumstunet. Du kan lesa meir om bakst av krotakaker på Folkemuseet ​​​​​​her

Kart