Torehytta

Torehytta ligg 1330 moh i Hardangervidda nasjonalpark, like ved fjellet Hårteigen (1690 moh). Det tek to dagar å kome hit til fots frå Kinsarvik, eller frå Hjølmodalen (Eidfjord), Trondsbu (Eidfjord),  Ringedalen (Tys...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Torehytta ligg 1330 moh i Hardangervidda nasjonalpark, like ved fjellet Hårteigen (1690 moh). Det tek to dagar å kome hit til fots frå Kinsarvik, eller frå Hjølmodalen (Eidfjord), Trondsbu (Eidfjord),  Ringedalen (Tyssedal), eller Middalsbu (Røldal). Torehytta er drifta av DNT Oslo og Omegn og har 24 sengeplasser. Hytta har nødvendig utstyr for matlaging og opphald. Det er lager med proviant ein kan kjøpa frå. Gjestene tek seg av matlaging, vasking, henting av vatn, osv sjølve. Det er prisliste på hytta og ein legg att betaling etter prislista, enten kontant eller fylla ut ein betalingsfullmakt. For å kome inn i hytta treng ein DNT standardnøkkel (som ein får mot depositm på turistkontoret  i Kinsarvik/Lofthus)

Hugs at tursesongen på Hardangervidda er kort: det er snøfritt berre i juli og august. Sjekk vermeldinga før du legg ut på tur og ta alltid med eit godt turkart og kompass, samt varme klede (også om sommaren). Det er i regelen ikkje mobildekning på Hardangervidda.

Sesong

Kart