Kinsarvik Kyrkje

Steinkyrkja i Kinsarvik vart bygd kring 1150-1160, og er i engelsk-romansk stil med rundboga dør- og vindaugsopningar. Ho er ein av dei eldste steinkyrkjene i landet. Kyrkja har hatt ei spanande fortid, og var fylkes-...

Om

Steinkyrkja i Kinsarvik vart bygd kring 1150-1160, og er i engelsk-romansk stil med rundboga dør- og vindaugsopningar. Ho er ein av dei eldste steinkyrkjene i landet. Kyrkja har hatt ei spanande fortid, og var fylkes-eller fjordingskyrkje for Hardanger. Gjennom tidene har kyrkja hatt ulikt preg. Det som særmerkjer kyrkja i dag er mellomaldertrekka som ved siste restaurering på 1900-talet vart forsøkt framheva. Gudstenester.

 

Kinsarvik var i mellomalderen opplagsstad for leidangsskip. Segl og mast til leidangsskipa vart lagra på kyrkjeloftet. Kalkmåleri på veggene frå 1200-talet viser erkeengelen Mikael vega sjeler i ei skålvekt. Kinsarvik var i gamal tid samlingsstad for Hardangerbygdene, her var ting, marknadsplass og religiøs kultstad.

Sesong

Kart