Ullensvang byr på mange flotte turstiar med ulike graderingar. Rundt omkring i kommunen er det fleire lokallag som arbeider med merking av løyper slik at det skal vera enklare for deg som turgåar å finne fram. Den Norske Turistforening har også merka fleire av løypene med raude T’ar. I tillegg har me produsert eit gratis turkart som viser 18 løyper frå aust- og vestsida av Sørfjorden, samt Oksen og Trolltunga. Dette finn du på fleste turistinformasjonane rundt omkring i Hardanger, samt hos ulike reiselivsrelaterte bedrifter.
Ut på tur – aldri sur er eit velbrukt uttrykk, og det er mykje rett i det. Men hugs å ha med deg næringsrik mat og vannflaske slik at du får i deg nok energi. Hugs også alltid å ta med deg søppel tilbake. Med det seier me god tur! Gle deg til å nyta den vakre utsikta i Ullensvang.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram