Noko av det du kan gjere på når du reiser med barn i Ullensvang:
- Mikkelparken i Kinsarvik er ein familiepark med mange spanande innandørs og utandørs aktivitetar for dei mellom 2 og 10 år.
- Kinsarvik Gokart leiger ut kartar for vaksne og barn frå 8 år og oppover.
- Hardangerbrua er ein fin og lett tur, også med barnevogn. Det er også mogeleg å gå langs elva i Kinsarvik til den første fossen i Husedalen med barnevogn (med mindre det er vått og gjørmete)
- Store delar av Fruktstien er asfaltert og fin å gå, også med barnevogn.
- Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik har utandørs oppvarma basseng. Om du vil bada i fjorden er det offentlege badeplassar nært Nå, Kinsarvik og Lofthus, og ved Lothe Camping.
- Det er artig for barn å sjå installasjonane i prosjektet Kunstlandskap Hardanger, som finst både på Utne og Bu.
- Husedalen med dei fire fossane er ein fin stad å gå tur. Alle dei fire fossane er fine, og du treng ikkje gå til alle fire for å ha ein riktig fin tur.
- Elvedalen ved Lofthus er også fin å gå med barn.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram