Om
Blomstringa i Hardanger bør alle oppleva minst ein gong i livet. I Ullensvang står tusenvis av frukttre i blomst om våren. Kombinert med snøkledte fjelltoppar, løvetanngule bakkar og lam som spring rundt på irrgrøne bakkar er det eit nydeleg syn. Tidsrommet for blomstringa i Ullensvang varierer frå år til år, men det er vanlegvis blomstring rundt 15. mai. Perioden varer i 3-4 veker. Fyrst ut er moreller og plommer. Deretter kjem pære- og epleblomen med all si prakt.
Tips og råd:
I helgene kan det vera travelt, bestill gjerne overnatting på førehand. Finn overnatting nært blomstringa her:
Område med masse blomstring:
Langs Nasjonal Turistveg Hardanger: Rv 13, nord for Odda og sør for Hardangerbrua.
Langs Nasjonal Turistveg Hardanger: Fv 550, mellom Odda, Utne og Jondal
Fv 550.
Reis gjerne rundt med bil. Då kan du stoppa der det er mest blomstring til ei kvar tid, og ta bilde.
Turforslag i blomstringa:
Fruktstien på Lofthus
Hardangerbrua gang- og sykkelveg (ikkje blomstring der, flott fjordutsikt)
Rusletur på Utne
Tur til den første fossen i Husedalen (ikkje blomstring der, men flott foss):
Andre ting å oppleve i Ullensvang, sjå her.
Andre ting å oppleve i Hardanger, sjå her.
Hardangerfjordguiden er ein trykksak som er grei å ha med seg på reise i Hardanger.
Hardangerfjordguiden kan lesast online her.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram