Om
Husedalen, til den første av fire mektige fossefall.
Startpunkt: ved brua over RV 13 i Kinsarvik.
Endepunkt: ved Tveitafossen i Husedalen.
Parkering: bak Kinsarvik Fjordhotel, ved sidan av Heradshuset i Kinsarvik.
Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved startpunktet. Ferje frå Utne og Kvanndal er 350 m ifrå startpunktet. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) er 400 mifrå startpunktet.
Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet, og undervegs i løypa. Desse tavlene inneheld også tekst om lokal kultur og natur.
Gradering: grøn, lett fottur. Mogeleg å bruka terrengsykkel, også for andre hjulbrukarar når underlget ikkje er for vått.
Turlengd: ca 4,5 km.
Høgdeskilnad: ca 10- 180 moh.
Tidsbruk: 1-1,5 time frå Kinsarvik til Tveitafossen.
Gode råd: delar av vegen kan vera våt og litt gjørmete når det har regna. Dette bør særleg hjulbrukarane tenkja på. Vis respekt for elva, og gå ikkje uti. Steinane på elvebredden kan vera svært glatte.
Turomtale: Frå parkeringsplassen ved Heradshuset, gå forbi hotellet, Hardanger Bestikk og over brua. På andre sida av brua tek ein med ein gong til høgre. Der står første tavla med informasjon etter nokre meter. Føl grus/jordveg langs elva og gjennom gran- og furuskog. Etter ca 3 km endar turvegen og ein kjem inn på asfaltvegen som går gjennom Husemoen, eit felt med lokalindustri. Ta til høgre og gå mot brua som kryssar elva Vivippo. Frå denne brua til Tveitafossen er det ca 2 km å gå på grusveg.
Sesong: heile året
Rundtur: istaden for å ta same ved tilbake er det mogeleg å returnera ved å gå forbi dei gamle gardane på Hus. Herifrå er det fin utsikt til Kinsarvik.
Kortare tur: Start ved brua som går over elva Vivippo. Då kan ein parkera ved Go-kartbanen. Derifrå er det grusveg, med litt stigning, til Tveitafossen. Denne grusvegen vil vera mindre gjørmete i vått ver. Det tek ca 30 minutt å gå herifrå til Tveitafossen.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram