Sider frå Hardanger

Web 3 R4 A2967

Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Velkomen til hjarte av norsk sider og frukt.

rose

Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger, og det er ikkje tilfeldig at munkane byrja med fruktproduksjon i regionen på 1300-talet. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av særs høg kvalitet. Og når råvarene ikkje kan verta betre, ligg alt til rette for god sider og saft.

I generasjonar har dei berømte Hardanger-epla vorte pressa og prosessert til perfeksjon. Dei siste åra har dog populariteten, kvaliteten og standarden nådd heilt nye høgder. No kan Sider frå Hardanger skilta med fleire nasjonale og internasjonale prisar. På lik linje som Champagne, er «Sider frå Hardanger» ei geografisk beskytta nemning. Sideren, som er laga på eplejuice og gjæra på enten villgjær eller sjølve epleskalet, er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak.

Web Fotokred Utne Hotel
rose

La historia og smaken av dei unike epla følga deg gjennom dei mange sider-produsentane i regionen. Kva med å kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden om bord sightseeing-fartøyet Vision of the fjords? Då får du oppleva skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet. Eller kanskje eit besøk til Ulvik og den einaste frukt- og siderruta i Noreg freistar? Eller vil du prøva ein RIB-tur inn spektakulære Fyksesund og gardsbesøk på Steinstø fruktgard? Alternativa er mange, og du kjem ikkje til å verta skuffa.

Som Olav Bleie i Alde, mannen bak den mest selde sideren i Noreg, seier sjølv:

– Når folk får augo opp for dette her, er det ikkje nok epletre i Hardanger.

Opplev sider frå Hardanger og lær meir om produksjon, kultur og historie.

Prøv Sider frå Hardanger

Alde Sider

Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet.

Edel Sider, Åkre Gard

På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon av gode, tradisjonsrike Hardanger-eple. Her har dei dyrka frukt i heile åtte generasjonar, men dei siste åra har dei fokusert på ...

Hardangergutane

Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i Sørfjorden. Ikkje langt derifrå, i det gamle fruktlageret på Børve, lagar dei eplemost og sider frå lokale kvalitetseple, mogna på...

Aga Sideri

Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.

Helleland Gard

På Lofthus, ein del av den største frukthagen i Noreg, finn du Helleland Gard. Der produserer dei sin eigen eplesider og most under merkevara «Heldre Sider og Saft». På garden, som har vore i familien sidan 1684, har ...

Sidercruise - Hardanger

Kombinasjonen av Sider frå Hardanger og båttur på fjorden, er ei makalaus oppleving. No kan du oppleva nettopp dette saman med See the Fjords på deira Sidercruse. Dei tilbyd nemleg fjordcruise og sidersafari med ...

Sidersafari i Sørfjorden

Om sommaren går den populære hybridbåten "Vision of the Fjords" i rute på Sørfjorden, frå Odda og Lofthus til Aga. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

RIB båt fjord safari med sidersmaking - Trolltunga Active

Opplev fjorden, fjella, Folgefonna, fossar, dyreliv og kulturen i Hardanger på ein guida RIB-tur med Trolltunga Active frå Odda. Kan kombinerast med sidersmaking for dei som ynskjer.

Hardanger Cideri

Hardanger Cideri AS held til på Aga, ved riksveg 550, 17 km sør for Utne. Cideriet overtok lokala på Aga i 2015. Most-produsenten Innigo har sin produksjon under same tak. Bedriftene har no slått seg saman, og Hardang...